Kjell-Idar Juvik (fødd 21. mai1966) er ein norsk politikar frå Ap. Han var ordførar i Hemnes kommune i Nordland frå 2003 til 2011. Frå 2013 er han Stortingsrepresentant for Nordland.
I lag med ordførarane i Narvik, Rana og Hattfjelldal vart han landskjend i november 2007 då det viste seg at kommunen hadde satsa framtidige kraftinntekter i amerikanske fondsprodukt som Terra Securities selde på vegnar av den amerikanske storbanken Citibank.[1]