Haltbrekken vart landskjend som leiar 1995-96 av Natur og Ungdom. Frå 1998 til 2001 var han tilsett i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I 2005 vart han vald til leiar av Norges Naturvernforbund, ein posisjon han hadde til 2016, då han trekte seg for å verte stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti. Ved stortingsvalet 2017 vart han fyrstekandidat for SV i Sør-Trøndelag, endå om han har budd i Oslo i lang tid. Stortingsperioden 2017-21 var han medlem i Energi- og miljøkomiteen.