Tore Opdal Hansen (fødd 4. august 1956) er ein norsk politikar (H). Han har vore ordførar i Drammen kommune frå 2003.
Hansen har vore ein populær ordførar og har hatt støtte frå dei andre ikkje-sosialistiske partia i kommunen. Han vart særleg kjent for neiet sitt til speleautomatar i kommunen og leiar av «ordføraropprøret» mot speleautomatar. Han har vore medlem av Drammen bystyre frå 1980 og av formannskapet frå 1984.
Tore Opdal Hansen har vore fylkespolitikar i Buskerud. Han var medlem av fylkestinget og hovudutval for regional utvikling i Buskerud.
Før han vart ordførar tok Hansen fagkurs i marknadsføring ved Gjerde. Han har selt bilar og hadde eit friår som trailersjåfør i 1979. Hansen var i militæret i 1978, der han òg var hovudtillitsmann. Frå byrjinga av 1980-åra var han tilsett i Høgres organisasjon, først i Buskerud Høgre, så i hovudorganisasjonen til Høgre, og seinast som informasjonssjef i Oslo Høgre 1993–2003.
I tillegg til å vere ordførar i Drammen er Hansen blant anna medlem av Høgre sitt kommunalutval, medlem av Høgres utval for mangfald og inkludering, leiar av Havnerådet i Drammen og styremedlem i Osloregionens Europa-kontor.
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |
Bakgrunnsstoff