Severity: Notice
Message: Undefined offset: 1
Filename: infosekolah/leftmenudasboard.php
Line Number: 33
Line Number: 34
Roderick Charles «Rod» Smallwood (fødd 17. februar 1950) er ein engelsk musikkmanager, mest kjend som med-manager av det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med forretningspartneren Andy Taylor, som han møtte medan dei studerte ved Trinity College, Cambridge, skipa han Sanctuary Records Group i 1979. Dette vart det største sjølvstendige plateselskapet i Storbritannia og det største sjølvstendige musikk-managementselskapet i verda fram til det vart nedlagd i 2007. Før Iron Maiden var Smallwood manager for Steve Harley & Cockney Rebel.