1982 «Remember Tomorrow» (live) 2005 CD «The Number of the Beast» (live) «Hallowed Be Thy Name» (live) 2005 7« «The Number of the Beast» (live) 2005 12« «The Number of the Beast» (live) «Remember Tomorrow»
«The Number of the Beast» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den sjuande singelen til Iron Maiden, og den andre singelen frå studioalbumet med same namn frå 1982. Han vart gjeven ut på singel på ny i 2005.
Då songen kom ut i 1982 skapte han kontroversar i USA, der det religiøse temaet skapte raseri i religiøse grupper. Trass i dette er det ein av dei meir populære songane til bandet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista og han har bltit spelt på nesten alle turneane deira. I tillegg har songen blitt spelt av mange andre artistar og har blitt nytta i mange videospel og filmar.
Songen opnar med ein talt intro, lesen av den engelske skodespelaren Barry Clayton,[3] som siterer Johannes' openberring 12:12 og 13:18. I følgje vokalisten Bruce Dickinson spurte bandet opphavleg Vincent Price om å lese introen, men valde å gå for Clayton etter at Price nekta å gjere det for mindre enn 25 000 pund.[4]
Songen er kjend for det særs lange, lyse skriket mot slutten av introen, som AllMusic har kalla «det mest hårreisande skriket til Dickinson på plate».[5] I dokumentarfilmen Classic Albums, basert på The Number of the Beast, sa Dickinson at det kom fordi han var frustrert av produsenten Martin Birch, som tvang han til å syngje introen om att og om att, time etter time.[2]
Detaljar
Plateomslaget til singelen er den siste av tre singlar der Riggs teikna Satan, som først dukka opp på omslaget til singelen «Purgatory». Omslaget til The Number of the Beast er etterverknaden til omslaget til «Run to the Hills» der ein ser Eddie og Satan i eit slag. Singelen var òg gjeven ut på raud vinyl.
Konsertversjonen av «Remember Tomorrow» vart spelt inn under Killer-turneen i Padova i Italia den 29. oktober 1981 med Bruce Dickinson på vokal.[6] Dickinson hadde sunge live for første gongen med Iron Maidel berre tre konsertar tidlegare, den 26. oktober i Bologna, ein og ein halv månad etter den førre vokalisten Paul Di'Anno.[7] Det var òg den siste singelen med Clive Burr på trommer, då han vart erstatta av Nicko McBrain mot slutten av The Beast on the Road-turneen i 1982.[8]
«The Number of the Beast» er ein av dei mest populære songane til bandet, og vart plassert på sjuandeplassen på lista til VH1 over dei 40 beste metal-songane[10] og sjetteplassen i boka til Martin Popoff kalla «The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time», ei liste som vart sett saman etter stemmer frå 15 000 musikarar, musikkjournalistar og publikum.[11]
I tillegg til plateomslaget og tittelen, vart songen eit mål for religiøse grupper i USA som skulda Iron Maiden for å vere ei satanistisk gruppe.[5][23] Kontroversen førte til at albuma deira vart brende og fleire demonstrasjonar under turneen deira i 1982,[2][23] sjølv om dette berre gav bandet meir publisitet.[5][24] Steve Harris har sidan kommentert at desse skuldingane var «galskap. Dei misforstod totalt. Dei hadde tydelegvis ikkje lese teksten. Dei berre ønskte å tru alt det tøvet om at me var satanistar».[25]
På det neste albumet deira, Piece of Mind, plasserte bandet ei skjult, baklengs melding i byrjinga av songen «Still Life», der trommeslagaren i Nicko McBrain, parodierer ein full Idi Amin.[26] I følgje McBrain sa han «Don't meddle wid t'ings yo don't understand», og dette var retta mot dei som meinte Iron Maiden var djeveldyrkarar, og sa «Me tenkte at om folk skal vere så toskete om dette her, så kan me like gjerne gje dei noko å vere toskete for.»[26]
På toppen av skuldingane av satanisme, vart Eddie redigert bort frå musikkvideoen til «The Number of the Beast» etter han først vart vist på MTV, etter klagar frå redde sjåarar.[27]