«Be Quick or Be Dead» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den første singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.[2]
Oversyn
Songen handlar om fleire politiske skandalar som fann stad på denne tida, inkludert bankskandalen med Robert Maxwell, kræsjet i den europeiske aksjemarknaden og BCCI-saka. Singelen kom ut ein månad før albumet og nådde andreplassen på den britiske singellista. Songen er kjappare og tyngre enn dei fleste Iron Maiden-songane, og var den første singelen til bandet som var skriven i lag med Janick Gers.
B-sida består av to offisielle songar og eit løynd spor, inkludert ein original bluessong («Nodding Donkey Blues») og ein Montrose-song («Space Station No. 5»), og den ulista «Bayswater Ain't a Bad Place to Be».[2]
Den siste er eit munnleg, komisk stykke av Bruce Dickinson (akkompagnert på akustisk gitar av Janick Gers) der han imiterer og gjer narr av Maiden-manageren Rod Smallwood.
Songen vart nytta i videospelet Carmageddon 2.
Innhald
- «Be Quick or Be Dead» (Bruce Dickinson, Janick Gers) – 3:24
- «Nodding Donkey Blues» (Iron Maiden) – 3:11
- «Space Station #5» (Montrose cover; Ronnie Montrose, Sammy Hagar) – 3:47
- «Bayswater Ain't a Bad Place to Be» (Dickinson, Gers) – 8:05 (løyndspor på tilfeldige britiske versjonar)[2]
Medverkande
Henta frå singelomslaget:[1][3]
- Iron Maiden
- Produksjon
Lister
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «Be Quick or Be Dead» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 13 April 1992.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Iron Maiden - 'Be Quick Or Be Dead'». Discogs. Henta 7 April 2012.
- ↑ «Be Quick or Be Dead» Biletdisk Single. Iron Maiden. EMI. 13 April 1992.
- ↑ «Iron Maiden - 'Be Quick or Be Dead'». ARIA Charts. australian-charts.com. Henta 18 March 2011.
- ↑ «Iron Maiden - 'Be Quick or Be Dead'» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 16. april 2013.
- ↑ «Iron Maiden - 'Be Quick or Be Dead'». Nederlandsk topp 40. dutchcharts.nl. Henta 18 March 2011.
- ↑ musicline.de / PhonoNet GmbH. «Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche». Media Control Charts. musicline.de. Arkivert frå originalen 10. oktober 2012. Henta 18 March 2011.
- ↑ «Irish singles archive». Irish Singles Chart. Irishcharts.ie. Henta 14 October 2011.
- ↑ «Iron Maiden - 'Be Quick or Be Dead'». RIANZ. charts.org.nz. Arkivert frå originalen 24. oktober 2012. Henta 18 March 2011.
- ↑ «Iron Maiden Diskografi». VG-lista. norwegiancharts.com. Henta 31. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 31. august 2016.
- ↑ «'Be Quick or Be Dead'». Hitparade. Henta 31. august 2016.
- ↑ «Official UK Singles Archive 25 April 1992». Official Charts Company. Henta 31. august 2016.
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Tilknytt | |
---|
|