Stephen Percy «Steve» Harris (fødd 12. mars1956) er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.
Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.
Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.
Tidleg liv
Harris var fødd i og voks opp i Leytonstone, der han ønskte å bli profesjonell fotballspelar.[1] Han vart oppdaga av Wally St Pier og fekk trene med West Ham United.[2] Tidleg i tenåra vart han interessert i rockemusikk, og forstod at han ikkje lenger ønskte å spele fotball.[2]
I starten ønskte Harris å spele trommer,[3] mmen hadde ikkje nok plass til eit trommesett heime og valde å spele bass i staden.[4] Han var heilt sjølvlært,[5] og den første bassen hans var ein kopi av ein Fender Precision-modell som kosta han £40 i 1971.[3]
Berre 10 månader etter han kjøpte den første bassen sin, vart Harris med i eit band, først kalla Influence og seinare Gypsy's Kiss, med Bob Verscoyle (solovokal), Dave Smith (gitar) og trommeslagaren Paul Sears.[6] Etter nokre få konsertar i Cart and Horses pub i Maryland Point i Stratford og the Bridgehouse i Canning Town,[7] vart bandet oppløyst og Harris prøvespelte for bandet Smiler i februar 1974.[8] Her byrja Harris å skrive sine eigne songar og arbeidde med dei framtidige Iron Maiden-medlemmane Dennis Wilcock og Doug Sampson,[9] men slutta i bandet då dei nekta å spele songane hans, som dei meinte var for kompliserte.[10]
Karriere
Iron Maiden
Etter han slutta i Smiler, starta Harris opp Iron Maiden på juledagen 1975.[10] Før Iron Maiden fekk kontrakt med EMI i 1979, arbeidde Harris som teknisk teiknar i East End of London fram til han vart overflødig. Han tok seg då jobb som gatefeiar.[11][12]
Frå starten av bandet var Harris den viktigaste låtskrivaren i bandet.[13] Songane hans hadde ofte ein galopperande bass, som ein kan høyre mykje på songar som «The Trooper» og «Run to the Hills»,[14][15] og taktendringar påverka av progressiv rock.[4][16] I seinare år har songane til Harris blitt meir progressive,[17][18] og gitaristen Adrian Smith har sagt at Harris no føretrekkjer «tekstar og melodiar og arrangering» for songane til dei andre medlemmane, i staden for å skrive aleine.[19] Harris har ofte skrive tekstar om mytologi, historie og tema inspirerte frå bøker og filmar, og reflekterer interessene sine og påverknaden til progressiv rock.[11][20][21]
Soloprosjekt
I september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.[22]