Dance of Death er det 13. studioalbumet av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden og vart gjeve ut i september 2003. Det vart først gjeve ut i Japan den 2. september og så 8. september 2003 i resten av verda, utanom Nord-Amerika, der det kom ut ein dag seinare. Albumet vart spelt inn på magnetisk (analogt) lydband.[2]
Det var det andre studioalbumet deira etter at vokalisten Bruce Dickinson og gitaristen Adrian Smith kom attende til bandet i 1999, og inneheld den første heilakustiske låten til bandet, «Journeyman», i tillegg til den første songen som vart skriven i lag med trommeslagaren Nicko McBrain, «New Frontier». Som med føregangaren Brave New World frå 2000, vart albumet produsert av Kevin Shirley, som har arbeidd med Iron Maiden på alle studioalbum sidan den gongen.
Bakgrunn
Iron Maiden stadfesta at dei arbeidde på ein oppfølgjar til Brave New World med produsenten Kevin Shirley den 27. november 2002 og annonserte samstundes eit fåtal konsertar i Europa for året etter.[3] Den 6. januar 2003 skreiv Shirley på nettsida si at bandet skulle gå i studio den månaden,[4] og 5. februar vart det annonsert at dei grunnleggande lydspora var ferdige[5] og at utgjevinga skulle miksast i april.[6] Den 31. mai annonserte bandet at albumet, som vart spelt inn i Sarm West Studios, skulle få namnet Dance of Death,[7] og at utgjevingsdatoen var sett til 17. juni.[8]
Bandet la ut på Dance of Death-turneen etter albumet kom ut, og nytta mange teatralske element inspirerte av songane. Under «Dance of Death» hadde Bruce Dickinson på seg ei teatermaske og ei kappe, medan han gjekk rundt på scenen. Mot slutten var han kledd som Mannen med ljåen for det siste refrenget.[9] Under «Paschendale» hadde Dickinson på seg ein tradisjonell britisk infanteristfrakk og hjelm (men det vart avslørt i dokumentaren Death on the Road at utstyret i røynda var ungarsk),[2] og nytta under første verskrigen, og scenen vart dekorert med piggtråd.[9] Konsertalbumet og DVDen Death on the Road vart spelt inn under turneen og kom ut i 2005 og 2006.
Det datagenererte plateomslaget vart laga av David Patchett,[10] som visstnok bad om at namnet hans vart fjerna frå omslaget etter at bandet valde å nytte ein uferdig versjon,[11] noko han mislikte.[12]
Albumet kom ut på DVD-Audio i 2004, inkludert 5.1-miksar av kvar song.[13]
Songar
Dance of Death er det einaste Iron Maiden-albumet der trommeslagaren Nicko McBrain har vore medlåtskrivar, noko han var på «New Frontier.»[14] Som nykristen uttrykkjer songen uroa hans for menneskeleg kloning og ha sa «Eg trur personleg at Gud skapte mennesket og berre Gud har rett til å skape menneske fordi berre Han kan gje deg sjel. Når menneske prøver å skape menneske så er det eit monster i eit reagensrøyr.»[14] Dette er dermed det einaste Iron Maiden-albumet der alle medlemmane har vore medlåtskrivarar.
«Montségur» var basert på fallet til katar-skansen med same namn, som fall under Albigenserkrosstoget i 1244.[15] Dickinson, som skreiv teksten til songen, sa «Det finst så mykje bra og så mange flotte soger gjennom historia ein kan trekkje parallellar til i dag - særleg når historia gjentek seg sjølv, slik ho ofte gjer - og det dannar nokre fargerike tema å skrive om.»[15]
«Paschendale» handlar om slaget ved Passchendaele som fann stad under fyrste verdskrigen. Han vart skriven av Adrian Smith, som vanlegvis skriv dei kortare og meir «kommersielle» songane til bandet, men valde her å skrive det han kalla «ein tradisjonell, episk Maiden-song.»[16] Han inneheld element av progressiv rock, so mlengda, den detaljerte strukturen og dei mange tempoendringane gjennom songen. Dikcinson sa «det vakre med 'Paschendale' er ikkje det episke ved songen - sjølv om ein må innrømme at han er mektig og gripande - men detaljane.»[16] På konsertane introduserte Dickinson songen med ein passasje frå Wilfred Owen-diktet «Anthem for Doomed Youth».[9][17]
I følgje gitaristen Janick Gers var tittelsporet på albumet inspirert av den siste scenen i Ingmar Bergman-filmen Det sjunde inseglet, der «desse figurane i horisonten byrjar å danse, dødsdansen.»[15] Gers skreiv det meste av musikken og forklarte konseptet til Steve Harris, som skreiv teksten og det meste av melodiane.[14]
«Face in the Sand» er basert på mediadekninga av Irakkrigen som fann stad medan albumet vart spelt inn.[18] Dickinson sa «eg hugsar eg tenkte på ørkensanden som eit bilete og korleis sanden endrar seg og flyttar seg over tid. Det eg særleg tenkte på var at uansett kva imperium ein byggjer - om dei er britiske, amerikanske, irakiske eller kva som helst, så fell dei alle bort til noko anna til slutt. Så etter mi meining er det beste du kan håpe på, om du skal etterlate deg noko, berre eit avtrykk i sanden.»[18] Songen er kjend som den første og einaste Iron Maiden-songen der McBrain brukar doble basspedalar.[16]
Den siste songen, «Journeyman», er den første og einaste heilakustiske songen til Iron Maiden. I følgje Dickinson handlar songen om «heile prosessen med å skrive songar og vere musikar,»[19] medan Mick Wall skildra han som «ei tankeful soge om carpe diem.»[18] Songen var opphavleg spelt inn med elektriske instrument, men som Dickinson sa «etter alle slaga me har gjeve lyttaren den siste timen verka det rett å spele noko uventa og uvanleg.»[18] Den originale versjonen finst på EPen No More Lies EP.
Albumet fekk generelt god kritikk og Kerrang! skildra det som «enormt og konkret bevis på at Maiden er like spanande og viktige som dei har vore på lenge.»[24]Sputnikmusic var òg positive og nemnde særleg «Paschendale», som dei skildra som «ganske enkelt det ultimate meisterverket til Maiden.»[12] Sjølv om dei rekna dei første tre songane som «forfriskande, likevel lite merkverdige», skildra AllMusicDance of Death som «ein triumferande tilbakekomst til nivået me kjenner frå tidlegare for desse heavy metal-legendene.»[20]
Sjølv om albumet vart kritisert for lengda og for å ikkje «matche kvaliteten» til føregangarane, vart Dance of Death hylla av PopMatters for «framleis lett å utklasse dei fleste yngre nu-metal-banda som finst i dag.»[25]
↑Campbell, Iain (March 2009). Bayer, Gerd, red. «From Achilles to Alexander: The Classical World and the World of Metal». Heavy Metal Music in Britain (London: Ashgate Publishing): 118.