«Can I Play with Madness» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Songen vart gjeven ut som den sekstande singelen til gruppa i 1988, og den første singelen frå albumet Seventh Son of a Seventh Son (1988). Han nådde tredjeplassen på den britiske singellista. Songen handlar om ein ung mann som ønskjer å vite om framtida hos ein gammal profet med ei krystallkule. Den ungen mannen trur han er i ferd med å bli gal og søkjer den gamle profeten for at han skal hjelpe han med å tolke mareritta hans. Rådet til profeten vert ignorert av den ungen mannen og dei vert sinte på kvarandre då dei seier adjø. Songen var opphavleg ein ballade kalla «On the Wings of Eagles», skriven av Adrian Smith.
Gitarsoloen i songen vert spelt av Adrian Smith.
Musikkvideo
Videoen til songen vart spelt inn i Tintern Abbey og Chislehurst Caves, med Graham Chapman. Dette var den siste gongen han var på TV før han døydde i oktober 1989 av kreft. I videoen spelar Chapman ein irritert kunstinstruktør som kritiserer ein ung student for å ha teikna Iron Maiden-maskoten Eddie i teikna si av klosterruinane. Læraren fell så ned i eit hol i bakken, oppdagar eit underjordisk kvelv og møter til slutt ein animert versjon av Eddie, som kikkar på han frå innsida av eit kjøleskap. Bandet er synleg på TV-en med klipp frå videoen til «The Number of the Beast» og konsertfilmen Live After Death.
«Black Bart Blues» handlar om rustninga Iron Maiden hadde i turnebussen sin (kalla Black Bart). «Massacre» er ein Thin Lizzy-song frå albumet Johnny the Fox.