The Angel and the Gambler

The Angel & The Gambler
Singel av Iron Maiden
frå albumet Virtual XI
B-side

7" biletdisk
«Blood on the World's Hands» (live)
CD Part 1
«Blood on the World's Hands» (live)
«Afraid to Shoot Strangers» (video)
CD Part 2
«The Aftermath» (live)
«Man on the Edge» (video)

Utgjeve 9. mars 1998[1]
Sjanger Heavy metal
Lengd 9:56 (Part 1)
6:05 (Part 2)
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
«Virus»
(1996)
The Angel & The Gambler «Futureal»
(1998)


«The Angel and the Gambler» er ein song av Iron Maiden frå albumet Virtual XI som vart gjeven ut i 1998. Singelen kom ut to veker før Virtual XI.

Oversyn

Det var den første Iron Maiden-singelen med ein video som B-side. Singelen inneheld to lydspor med konsertopptak frå Kåren i Gøteborg i Sverige i 1995 på «The X Factour»-turneen.

Bandet gav òg ut ein musikkvideo, som inneheldt ein forkorta versjon av songen. Videoen er nesten i Star Wars-stil og består av ei heilt dataskapt verd med romvesen av forskjellig kvalitet. Videokonseptet, særleg Blaze som går inn i ein bar med ein brun hatt og lang frakk, var i same stil som omslaget til Somewhere in Time, spesifikt singelen «Stranger in a Strange Land».

Singelen vart gjeven ut i fire versjonar: CD 1 kom med ein plakat og «Virtual XI Fixture List 1998» på den eine sida og bandet i Maiden si fotballdrakt med somme av favorittspelarane deira på den andre sida. CD 2 inneheld tre kort der musikarane poserer i fotballdrakt og inneheld ein forkorta versjon av «The Angel and the Gambler». Den tredje var ei 7" biletplate og den fjerde ein CD maxi-singel med begge B-sidene.

B-sider

7" biletplata hadde ein konsertversjon av «Blood On The Worlds Hands» som B-side. Cd 1 hadde òg «Blood On The Worlds Hands» og «Afraid to Shoot Strangers». Cd 2 hadde ein konsertversjon av «The Aftermath» og videoen til «Man on the Edge». Maxi-singelen hadde begge konsertopptaka, men berre videoen til «Afraid to Shoot Strangers».

Innhald

7" biletplate

  1. «The Angel & The Gambler» (forkorta versjon) (Steve Harris) - 6:05
  2. «Blood on the World's Hands (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995)» (Harris) - 6:07

CD part 1

  1. «The Angel & the Gambler» (full albumversjon) (Harris) – 9:56
  2. «Blood on the World's Hands» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris) - 6:05
  3. «Afraid to Shoot Strangers» (konsertvideo) (Harris)

CD part 2

  1. «The Angel & the Gambler» (forkorta versjon) (Harris) – 6:05
  2. «The Aftermath» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris, Blaze Bayley, Janick Gers) – 6:45
  3. «Man on the Edge» (konsertvideo) (Bayley, Gers) – 4:12

CD Maxi-Single

  1. «The Angel & the Gambler» (forkorta versjon) (Harris) – 6:05
  2. «Blood on the World's Hands» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris) - 6:05
  3. «The Aftermath» (live - Karen i Gøteborg i Sverige 1. november 1995) (Harris, Bayley, Gers) – 6:45
  4. «Afraid to Shoot Strangers» (konsertvideo) (Harris)

Medverkande

Henta frå singelomslaget:[2]

Iron Maiden
Produksjon

Lister

Liste (1998) Plassering
Den nederlandske singellista 52[3]
Den finske singellista 3[4]
Den tyske singellista 61[5]
Sverigetopplistan 29[6]
UK Singles Chart 18[7]

Kjelder

  1. «The Angel & the Gambler». allmusic.com. Rovi Corporation. [daud lenkje]
  2. «The Angel and the Gambler». Iron Maiden. EMI. 9 March 1998. 
  3. «Discografie Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 31. august 2016. 
  4. «Iron Maiden discography». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  5. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts (på tysk). charts.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 31. august 2016. 
  6. «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. Henta 31. august 2016. 
  7. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 21 March 1998». Official Charts Company. Henta 31. august 2016.