«Flight of Icarus» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut som den åttande singelen deira og den første frå albumet Piece of Mind (1983). Det var den første singelen bandet gav ut i USA, og vart ein av dei få songane som vart mykje spelt på radio der.[1] Songen nådde åttandeplassen på BillboardTop Album Tracks-lista - den høgaste plasseringa Iron Maiden fekk i USA.[2] Singelen vart òg ein suksess i Storbritannia, der han nådde 11. plassen på UK Singles Chart. Det var den første utgjevinga til songen med Nicko McBrain, som erstatta Clive Burr på trommer i 1982.
Oversyn
Songen er laust basert på den gamle greske myta om Ikaros[3] som var fengsla med faren sin Daedalus i palasset Knossos på Kreta. I eit forsøk på å rømme laga han eit par vengjer av fjør og voks slik at dei kunne fly bort. Ikaros høyrte ikkje på rådet frå faren og flaug for nærme sola slik at voksen smelta og han fall død i havet. Vokalisten Bruce Dickinson endra den originale soga til eit tenåringsopprør mot vaksne, som i songen førte til at Ikaros døydde.[4]
Singelomslaget var ein slags parodi på den originale myta, og syner Eddie med vengjer, som drep Ikaros med ein flammekastar. Ikaros liknar figuren i Evening: Fall of Day av William Rimmer, som vart nytta som selskapslogo av Led Zeppelin. I følgje kunstnaren, Derek Riggs, var dette ein referanse til at Led Zeppelin hadde oppløyst bandet eit par år tidlegare.[4]
Songen vart kritisert i Storbritannia då han kom ut og Garry Bushell sa «Seig i staden for mektig, og han verka upopulær hos alle hardcore britiske metal-fans, som frykta det verste då songen vart gjeven ut som den første singelen deira i Amerika».[5] Bassisten Steve Harris har sidan sagt at «det var feil å gje ut 'Icarus', og eg ønskjer me hadde fått tid til å spele songen live før me spelte han inn. Han er langt meir mektig på konsertane våre. Raskare og tyngre.»[5] Dickinson sa «Steve likte aldri songen. Han syns han var for langsam, men eg ønskte ein rocksteady-rytme. Eg visste han ville bli spelt på amerikansk radio om me heldt ahn sli, og eg hadde rett.»[1]
Videoen for songen vart regissert av Jim Yukich og filma på Bahamas i Compass Point Studios (der albumet vart spelt inn) medan bandet spelar inn songen. Trommeslagaren Nicko McBrain spelar som mannen med ljåen med eit blått andlet. Produsenten Martin Birch er òg til stades i videoen der andletet hans vart forvandla til Maiden-maskoten Eddie. Ein nyare versjon av videoen inneheld flash-animasjon av Camp Chaos mellom dei originale filmklippa, og erstatta nokre av 80-talseffektane. Animasjonen syner Ikaros som flyg bort frå Eddie.