«2 Minutes to Midnight» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det femte studioalbumet deira, Powerslave (1984). Han vart gjeven ut som den tiande singelen til bandet, og den første frå albumet, den 6. august 1984. Singelen nådde 11. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia og 25. plassen på BillboardTop Album Tracks.
Songen referer til Dommedagsklokka, ei symbolsk klokke nytta av Bulletin of the Atomic Scientists, som representerer nedtellinga til ein potensiell global katastrofe. I september 1953 nådde klokka to minuttar på midnatt, det nærmaste han nokon gong har vore midnatt, då USA og Sovjetunionen testa hydrogenbomber.[1] I følgje Dickinson kritiserer songen «krigsromantikken», og særleg den kalde krigen.[2]
«Rainbow's Gold»
Den første B-sida er ein coverversjon av songen «Rainbow's Gold» av det britiske progrockbandet Beckett, som dei gav ut i 1974. Songen var skriven av Terry Slesser og Kenny Mountain.[3]
I følgje Nicko McBrain, som kommenterte singlen i «Listen With Nicko Part VI» (ein del av serien The First Ten Years), var medlemmane i Iron Maiden vener med medlemmar i Beckett.
«Mission From 'Arry»
Ei anna B-side, kalla «Mission from 'Arry», er ei innspeling av ein krangel mellom bassisten Steve Harris og trommeslagaren Nicko McBrain, som fann stad etter ein konsert i Allentown i Pennsylvania under World Piece-turneen.[2] Under konserten braut bassutstyet til Harris saman, og han bad den nærmaste scenearbeidaren om å be McBrain spele ein lengre solo. Han klarte ikkje å få McBrain til å forstå meldinga og dette gjekk utover soloen hans, slik at han kjefta på scenearbeidaren etterpå.[2] Vokalisten Bruce Dickinson syns krangelen som følgde var så morosam at han valde å ta han opp på lydband.[2][4]