Joe Lynn Turner (fødd 2. august1951) er ein amerikansk songar, kjend som vokalist i hardrockbandetRainbow.[1] I løpet av karrieren sin har Turner fronta poprockbandet Fandango, og hatt korte periodar som vokalist med Yngwie Malmsteen's Rising Force og Deep Purple. Frå seint i 1990-åra har han spelt inn mange soloalbum og delteke på andre prosjekt.
Han er for tida vokalist i Rainbow-coverbandet Over the Rainbow.
Han fekk gjennombrotet sitt då han erstatta Graham Bonnet som som vokalist i Rainbow i 1980. Han deltok på tre album før bandet vart oppløyst i 1984. Han gav så ut solodebutplata si Rescue You. I 1988 vart han med Yngwie Malmsteen og deltok på eit studioalbum, eit konsertalbum og seinare eit samlealbum. Han forlét Yngwie Malmsteen i 1989 for å bli med Deep Purple. Han deltok på albumet Slaves and Masters, etter dette har han hovudsakleg konsentrert seg om solokarrieren sin. Han har òg vore studiomusiker for norske TNT og song korvokal på albuma Intuition (1989) og Realized Fantasies (1992). I 2011 var han vokalist på The Jan Erling Holberg Project ft. Joe Lynn Turners Sense of time, som hadde ein miniturnè i Noreg same sommar.