Machine Head er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandetDeep Purple. Det vart spelt inn i desember 1971 i Montreux i Sveits, og kom ut 25. mars 1972 på Purple Records.
Ettersom tidlegare innspelingsøkter hadde vorte lagde inn i speleplanen i gruppa, ønskte Deep Purple å setja av tid til å spela inn eit album utanfor det typiske studiomiljøet, i håp om at det ville resultera i eit lydbilete som låg nærare livekonsertane deira. Dei leigde Rolling Stones Mobile Studio for innspelinga og booka Montreux Casino som spelestad, men under ein Frank Zappa-konsert rett før innspelinga brende kasinoet ned til grunnen. Etter ei vekes leiting etter ein alternativ spelestad, inkludert ei økt på eit nærliggjande teater som vart forlate på grunn av støyklager, klarte bandet å booka det vinterstengde Grand Hotel og gjorde det om til eit rom eigna for innspeling. Desse hendingane, særleg brannen i kasinoet, vart inspirasjonen til songen «Smoke on the Water».
Machine Head er det bestseljande albumet deira og toppa hitlistene i fleire land, mellom anna som nummer éin i Storbritannia. Albumet, som hadde stor innverknad på utviklinga av tradisjonell metal, får framleis god kritikk av musikkritikarar og har vorte gitt ut på nytt fleire gonger.
Bakgrunn
I 1971 hadde Deep Purple turnert i to år, og tidlegare studioalbum, som Deep Purple in Rock (1970) og Fireball (1971), vart spelt inn mellom liveshowa. Bandet følte at tidlegare studioarbeid ikkje lét like bra som liveopptredenane, og ønskte å spela inn i eit scenemiljø. Trommeslagar Ian Paice spelte inn trommesettet sitt i korridoren under nokre av Fireball-øktene, fordi han meinte det høyrdest betre ut, og han ønskte å finna eit alternativt innspelingsmiljø utanfor eit typisk lydisolert studio. Deep Purple vart tilrådd å spela inn utanfor Storbritannia, då dei ikkje måtte betala like mykje inntektsskatt.[3]
Gruppa turnerte i Storbritannia frå september til oktober 1971 og gav ein forsmak på nytt materiale som til slutt vart gitt ut på Machine Head.[4] Deretter starta dei ein turné i USA, som enda med å bli avlyst etter to konsertar på grunn av at vokalist Ian Gillan fekk hepatitt. Gitarist Ritchie Blackmore byrja å tenkja på moglege soloproduksjonar i framtida, og Deep Purple samla sett såg fram til å få meir tid til å spela inn og komma bort frå turnépresset.[5][6]
Deep Purple planla opphavleg å spela inn Machine Head på Montreux Casino i Sveits i desember 1971. Dei hadde booka Rolling Stones Mobile Studio og gjort hotellreservasjonar.[7] Kasinoet var ein stor arena med fleire underhaldningsfasilitetar. Bandet hadde opptredd der i mai 1971 og vart vener med Claude Nobs, grunnleggjar og dagleg leiar for Montreux Jazz Festival.[5]. Mellom anna Led Zeppelin, Pink Floyd og Black Sabbath hadde alle opptredd på kasinoet, og det stengde for oppussing kvar vinter, slik at det kunne brukast som innspelingsstad. Deep Purple kom til kasinoet 3. desember 1971. Etter ein siste konsert skulle dei få lokalet for seg sjølv.[8] Til gjengjeld foreslo bandet å spela ein konsert på kasinoet, noko som ville gitt dei høve til å gi ut eit dobbeltalbum, halvparten live og halvparten i studio.[5]
Innspeling
Den siste konserten på Montreux Casino var ein matinékonsert med Frank Zappa og The Mothers of Invention. På den tida bestod gruppa av songarane Flo & Eddie, multiinstrumentalisten Ian Underwood og trommeslagaren Aynsley Dunbar.[9] Under framsyninga skaut ein publikummar eit nødbluss inn i taket på bygningen.[10] Sjølv om publikum til å byrja med ikkje var klar over hendinga fordi taket var dekt av eit falskt bambustak, byrja folk omtrent ein time ut i konserten å sjå gneistar. Gruppa slutta å spela; ifølgje bassist Roger Glover sa Zappa at «ingen burde få panikk, men ..... BRANN!» Etter dette beordra leiinga ei kontrollert evakuering. Ingen omkom, men ei gruppe vart kortvarig fanga i kjellaren til kasinoet før dei vart redda ut av Nobs. Kort tid etter at alle var evakuerte i tryggleik, gjekk bygningen opp i flammar.[11]
Nobs flytta Deep Purple til Pavilion, eit teater i nærleiken, der dei spelte inn grunnsporet til ein låt med det førebelse namnet «Title No. 1». Glover hugsa at han vakna ein morgon og sa tittelen «Smoke on the Water» høgt. Ut frå dette skreiv Gillan teksten som skildra opplevinga i Montreux.[12] Eit fotografi av det brennande Montreux Casino var inkludert i omslaget til albumet.[13]
Paviljongen viste seg å vera upraktisk å spela inn i, ettersom bebuarane i nærleiken klaga til politiet over støyen. Sjølv om scenearbeidarar prøvde å hindra politiet i å komma inn ved å halda dørene lukka, vart bandet raskt kasta ut.[14]. Dei søkte etter andre innspelingsstader og nøgde seg med det tomme Grand Hotel i utkanten av Montreux. Med den mobile eininga parkert ved hovudinngangen sette Deep Purple seg opp i enden av ein korridor utanfor hovudlobbyen, der korridoren enda i ein «T». Her vart det installert ei rekkje utstyr og lydisolerande madrassar, noko som innebar at bandet måtte gå gjennom soverom og over balkongar for å komma til innspelingsbilen. Dette viste seg å vera så slitsamt at Deep Purple slutta å lytta til avspelingar av opptaka sine, og i staden spelte dei til dei var fornøgde.[15] Eit videoovervakingssystem vart sett opp slik at bandet kunne kommunisera med lydteknikaren Martin Birch og slik at dei tilsette i studiokontrollrommet kunne sjå dei.[16]
Songar
Opningssporet, «Highway Star», vart skrive medan bandet sat på ein buss på veg til opningsturneen i Portsmouth 13. september 1971. Managementet til bandet sørgde for at dei kunne reisa til konserten saman med ei gruppe musikkjournalistar som kunne intervjua bandet i ro og mak. Ein av dei spurde Blackmore korleis han skreiv låtar, der han svarte «sånn her», tok opp gitaren og spelte opningsriffet til låten. Gillan improviserte ein tekst rundt dette: «We're on the road, we're a rock'n'roll band». Resten av bandet fullførte arrangementet under øvingane, og det vart lagt til showet på konsertkvelden.[5] Blackmore baserte gitarsoloen på ein figur han hadde lært av Johnny Burnette, og likte likskapen med Johann Sebastian Bach.[17]
«Maybe I'm A Leo» gjekk under arbeidstittelen «One Just Before Midnight», som blir vist på eit bilete av eit innspelingsark på omslaget til albumet.[18] Den ferdige tittelen og teksten refererer til stjerneteiknet til Gillan.[17] Glover skreiv hovudriffet til songen etter å ha lytta til John Lennon-songen «How Do You Sleep?», og han likte at riffet ikkje starta på første taktslag.[19] Låten vart spelt live éin gong i 1972 på ein BBC In Concert-framferd.[18] Han vart ein livefavoritt fleire år seinare, etter at Joe Satriani vart mellombels medlem av bandet i 1993.[20]
«Pictures of Home» skildra attraksjonar og bilete frå nærområdet rundt Montreux, langt heimanfrå. Sporet vart opphavleg spelt inn med ein trommeintroduksjon, som vart utelaten frå originalinnspelinga, men som vart lagt til på 25-årsjubileumsnyutgivinga.[17]. Låten vart òg spelt live etter at Satriani vart med i Deep Purple.[20] «Never Before» vart av bandet rekna som den mest kommersielle låten på albumet, og vart gitt ut som singel.[21] Låten vart spelt live ein gong på BBC In Concert-showet.[18]
«Smoke on the Water» dokumenterer opplevingane under innspelinga av Machine Head, inkludert brannen og evakueringa av kasinoet og innspelingane på Grand Hotel. Tittelen refererte til den tjukke svarte røyken frå brannen som hang over breidda av Genèvesjøen.[21] Backingsporet var det einaste brukbare materialet som kom frå Pavilion-innspelingane, før politiet stengde innspelinga. Blackmore bidrog med opningsgitarriffet, og sa seinare at det var populært fordi det var lett og basert på fire tonar, og samanlikna det med opningsfraseringa i Beethoven sin Femte symfoni.[15][22] Sjølv om låten er den mest kjende frå Deep Purple, og ein av dei mest kjende i rockemusikken generelt, meinte bandet at han ikkje hadde noko stort kommersielt potensial, og han var ein av dei siste låtane frå Machine Head som vart spelt live. Låten vart deretter ein stor hit i USA, og nådde fjerdeplass på Billboard Hot 100.[23][24] I tillegg til Deep Purple har Gillan framført låten live som ein del av solokarrieren sin, og under si korte tid med Black Sabbath i 1983.[25][26]
«Lazy» vart første gong spelt live under Storbritannia-turneen i 1971, og vart behalde gjennom heile det følgjande året. Den vart framført mot slutten av liveshowet og erstatta den instrumentale jammen «Wring That Neck», og vart seinare flytta til midten av settet tidleg i 1972.[27][28] Glover sa at låten var omtrent basert på ein Oscar Brown-låt, «Sleepy», medan Blackmore uttalte at han var inspirert av Eric Clapton-songen «Stepping Out». Låten var designa for å vera ein reiskap for ulike instrumentale framsyningar, inkludert ein uakkompagnert orgelintroduksjon og munnspelinga til Gillan. Blackmore spelte inn gitarsoloane i seksjonar på to ulike dagar, som deretter vart slått saman.[22]
«Space Truckin'» vart skriven som ein pastisj på tekstar frå rock-n-roll-tekstar frå 1950-åra, men med science fiction-tema. Deep Purple byrja å tenkja på nonsensfrasar som «music in our solar system» som kunne passa.[22] Paice spelte ein kort trommesolo på låten.[29] Han vart spelt første gongen live i januar 1972 på den neste konserten etter Montreux-sesjonane, og innleidd i instrumentaldelen av den tidlegare live-jammen «Mandrake Root» som avslutningsnummer.[18] Låten heldt fram med å vere det siste nummeret i settet etter at Gillan og Glover forlét bandet i 1973, inkludert ein minneverdig opptreden på California Jam året etter, der Blackmore sette fyr på forsterkarane sine og øydela eit TV-kamera med gitaren sin.[30] Songen vart jamleg spelt som ein vekkjar av mannskapet om bord på romferjeprogrammetSTS-107 i 2003.[31]
Ein ballade med tittelen «When a Blind Man Cries» vart spelt inn under Machine Head-sesjonane, men vart ikkje inkludert på albumet. I staden vart han brukt som B-side på singelen «Never Before». Låten dukkar opp som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av Machine Head.[21]
Utgiving og omslag
Albumet vart gitt ut i Storbritannia 25. mars 1972.[32] Ein USA-turné i mars og april same år vart utsett etter at Blackmore vart sjuk. Dei første konsertane i Storbritannia for å promotera albumet var på Rainbow Theatre i juni 1972.[18] To månader seinare turnerte bandet i Japan for første gong, og opptaka vart til det doble livealbumet Made in Japan. Fire låtar frå Machine Head («Highway Star», «Smoke on the Water», «Lazy» og «Space Truckin'») vart inkludert på albumet.[33]
Coveret vart laga ved at albumtittelen vart stempla inn i ei polert metallplate som vart halde opp og fungerte som ein spegel som gruppa stod framfor. Fotografen Shepard Sherbell tok deretter eit bilete av spegelbiletet; eit lite spor av han kan skimtast på det ferdige biletet (rett under teksten «Head»).[18][34] Det indre omslaget til albumet vart for det meste designa av Glover og manageren Tony Edwards, og inneheld eit utval forbrytarbilete som tidlegare vart brukt til kontaktarket til plateselskapet. Det inkluderte eit bilete av Nobs, som Machine Head var dedikert til. Dei første utgivingane hadde òg eit handtrykt tekstark.[18]
Machine Head nådde førsteplassen på den britiske albumlista sju dagar etter utgivinga, og vart liggjande der i to veker før det kom tilbake i mai 1972 for ei veke til. I USA nådde albumet 34. plassen under den første utgivinga i 1972; albumet nådde deretter ein sjuandeplass i 1973 då «Smoke on the Water» vart ein hit, og Machine Head heldt fram på Billboard-lista i over to år. Den første singelen som vart sleppt frå albumet, «Never Before», nådde 35. plassen i Storbritannia, men vart ikkje lista i USA. Då «Smoke on the Water» vart mykje spelt på radio som ein del av albumet, gav Warner Brothers han til slutt ut som singel i mai 1973. Låten nådde då andreplassen på den kanadiske RPM-lista og fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[24]
Albumet vart møtt med positive meldingar frå kritikarane. Rolling Stone-skribenten Lester Bangs rosa tekstane til «Highway Star» og «Space Truckin'» og dessutan all musikken, sjølv om han var mindre rosande om tekstane til dei resterande låtane: «Mellom desse to Deep Purple-klassikarane ligg det berre god, hardtslåande musikk, sjølv om nokre av tekstane har litt igjen å hente.» Til slutt innrømde han: «Eg veit at nettopp denne banaliteten er halve moroa med rock 'n' roll. Og eg er sikker på at eg kjem til å elska dei neste fem Deep Purple-albuma vilt, så lenge dei læt akkurat som dei tre siste.»[40]Robert Christgau skreiv om albumet: «Eg er samd i at dei køyrer for fort, og Ritchie Blackmore har fått litt sjølvdisiplin og nokre mistenkjeleg klingande stikk frå kompisane i London.»[42]AllMusic-kritikar Eduardo Rivadavia kalla Machine Head «eit av dei viktigaste hardrockalbuma gjennom tidene.»[35].
Blackmore noterte at Machine Head vart spelt inn på omtrent tre veker, og notert at «alt var naturleg og fungerte». Han uttalte vidare: «Eg likte ikkje Fireball noko særleg fordi me berre jobba for mykje. Men me hadde omtrent ein månad fri før Machine Head, noko som gjorde det mogleg for meg å samla tankane og skriva nokre ting.»[43] I samband med 50-årsjubileet for Machine Head i 2022 sa Ian Gillan: «Det var heilt klart ein milepæl, for det tok oss to album å komma dit. Det tok In Rock og Fireball å nå Machine Head. Machine Head er ein litt meir raffinert versjon av dei meir jordnære. Det er eit historisk album, og me speler framleis 'Highway Star' og 'Pictures of Home', som faktisk er dei to opningslåtane i livesettet vårt akkurat no. Og sjølvsagt gjer me framleis 'Smoke on the Water', som alltid går rett heim.»[44]
Magasinet Kerrang! rangerte Machine Head som nummer 35 på lista si over «dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene» i 1989.[45] I ein Observer Music Monthly Greatest British Albums-avstemming valde Ozzy Osbourne albumet som ein av dei 10 britiske favorittplatene sine gjennom tidene.[46]Machine Head vart gjenstand for ein av dokumentarane i serien Classic Albums om korleis det kjende albumet vart til.[47] I 2001 vart Machine Head nemnt i Q si liste over «dei 50 tyngste albuma gjennom tidene»,[48] medan det i 2007 var med i The Guardian si 2007-utgåve av 1000 Albums to Hear Before You Die'.[49] Basert på opptredenar i profesjonelle rangeringar og lister, listar den samla nettstaden Acclaimed MusicMachine Head som det niande mest hylla albumet i 1972, det 99. mest hylla albumet på 1970-talet og det 337. mest hylla albumet i historia.[50]
Nyutgivingar
Albumet vart gitt ut på multikanal-formata DVD-Audio (2001), i ein ny 5.1-kanals miks, og Super Audio CD (SACD) (2003) med den europeiske kvadrofoniske miksen. Den vart seinare gitt ut på SACD den 17. august 2011, gjennom Warner Music Group i Warner Premium Sound-serien på plateselskapet, med same 5.1-kanalmiks som DVDAudio-versjonen frå 2001.[51]
40-årsjubileumsutgåva av Machine Head vart gitt ut i oktober 2012 av EMI; dette er eit sett med fem plater, følgt av eit illustrert 60-siders hefte. Innhaldet inkluderer: Original album 2012 remaster (CD1), Roger Glover's 1997 mixes (CD2), Original album quad SQ stereo (2012 remaster) (CD3), In Concert '72 frå Paris Theatre, London, 9. mars 1972 - 2012 mix (CD4), 2012 høgoppløysleg ommaster og kringlydmiksar (DVD, berre lyd).[52] For å feira 40-årsjubileet vart hyllestalbumet Re-Machined: A Tribute to Deep Purple's Machine Head gitt ut i 2012. september gjennom Eagle Rock Entertainment.[53]
↑Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN978-951-1-21053-5.