Nobs var fødd i Montreux i Sveits. Medan han arbeidde som leiar for turistkontoret i Montreux, organiserte han den første jazzfestivalen i byen med artistar som Charles Lloyd, Keith Jarrett, Ron McLure og Jack DeJohnette. Festivalen vart raskt ein stor suksess og vart vidgjeten langt utafor Sveits. Nobs omforma raskt festivalen til ein internasjonal samlestad for jazzelskarar. I 2004 hadde festivalen over 200 000 vitjande.
I 1973 vart Nobs direktør i den sveitsiske avdelinga av Warner, Elektra og Atlantic. På konsertalbumet til Jethro Tull, Bursting Out (spelt inn 28. mai 1978 i Bern), kan ein høyre Nobs annonsere bandet i starten av albumet.
Nobs spelte munnspel på opningssporet på Chris Rea-albumet Water Sign i 1983.
Den 24. desember 2012 hadde Nobs ei ulukke medan han stod på ski i Sveits og hamna i koma. Han døydde 10. januar 2013, 76 år gammal.[1]