«When a Blind Man Cries» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple, opphavleg gjeven ut som ei B-side til singelen «Never Before» i 1972. Han vart spelt inn under innspelinga av albumet Machine Head i desember 1971, men kom ikkje med på dette albumet.
Konsertutgåver
Sidan gitarist Ritchie Blackmore mislikte «When a Blind Man Cries» spelte aldri bandet songen live medan han var med i bandet, utanom ein gong, den 6. april 1972 i Quebec i Canada, då Blackmore var sjuk og Randy California frå Spirit tok over. Ian Gillan spelte songen på konsertar med Ian Gillan Band i 1970- og 1980-åra.
Då Joe Satriani erstatta Blackmore i november 1993, vart «When a Blind Man Cries» teken inn på setlista att. Songen har vore ein fast song på konsertane deira sidan, og er med på dei fleste konsertalbuma gjeven ut med Steve Morse.
Etter at Steve Morse kom inn i bandet, vart mykje av songen skriven om, og han varer i dag kring sju minuttar med ein lang gitarsolo av Morse. Originale er berre kring tre minuttar.
I tillegg har songen vorte gjeven ut på Gillan's Inn av Ian Gillan med den gitarist Jeff Healey.
Medverkande
Andre versjonar
I 1999 spelte Richie Sambora frå Bon Jovi som gjestemusikar på eit Stuart Smith-album «Stuart Smith’s Heaven and Earth» på denne songen.
Gary Barden spelte songen for albumet Rock 'n' Roll My Soul i 2011.
Songen vart òg spelt inn av Axel Rudi Pell for albumet Nasty Reputation.
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Tilknytte artistar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|