Abandon er det sekstande studioalbumet til det engelske hardrockbandetDeep Purple, gjeve ut i mai 1998.[5] Det var det andre albumet til Deep Purple med Steve Morse på gitar og det siste albumet med grunnleggjaren Jon Lord før han forlét bandet i 2002.
Albumet vart etterfølgd av ein vellykka verdsturné i 1998/1999 som førte Deep Purple til Australia for første gong på 15 år. I 1999 vart det gitt ut eit konsertalbum og ein DVD Total Abandon: Australia '99 spelt inn i Melbourne 20. april 1999.
Albumtittelen er eigentleg eit ordspel frå Ian Gillan - "A Band On" - og albumet vart etterfølgd av A Band on Tour. Det inneheldt ei omarbeiding av ein tidlegare innspelt låt - «Bloodsucker» frå Deep Purple in Rock (her stava «Bludsucker»). «Don't Make Me Happy» vart ved ein feil mastra i mono og ikkje endra på albumet, den eine av dei to versjonane av songen som vart gitt ut på ein reklamesingel var mastra i stereo.