STS-107 er namnet på ei romferd med den amerikanske romferja Columbia. Heile mannskapet på sju omkom då romferja kom tilbake til jorda.
Romferja vart skoten opp 16. januar2003 for å utføyre eksperiment innan mikrogravitasjon, botanikk, materialprosessering, medisin, fysiologi, biologi og fysikk. Då romferja vart skoten opp, lausna ein stor bit av skum frå den utvendige drivstofftanken og skada varmeskjoldet på den venstre vingen. Då romferja Columbia vendte tilbake til jorda etter endt oppdrag, mista ein kontakt med romferja 16 minutt før den planlagde landinga. Videoopptak viste at Columbia gjekk i oppløysning over Texas i ca. 63 km. høgde i ein fart på 5,6 km/s. Både ferja og heile mannskapet gjekk tapt.