Bygningen vart oppført som eit georgiansktownhouse i 1831, og garden vart kjøpt opp av Gramophone Company i 1931 og konvertert til eit innspelingsstudio. Pathe filma opninga av studioet då Edward Elgar leia London Symphony Orchestra i innspelingssamlingar for musikken hans. Dei nærliggande husa vart også eigd av selskapet og vart brukt for å huse musikarar. På 1950-talet vart Abbey Road Studios brukt ofte av den leiande britiske dirigenten sir Malcolm Sargent, som også budde like i nærleiken av bygningen.
Gramophone Company slo seg seinare saman med Columbia Graphophone Company for å danne EMI, som også tok over studioet. Dette vart kjent som EMI Studios inntil dei skifta namnet til Abbey Road Studios formelt i 1970. Studio to ved Abbey Road vart eit senter for rockemusikken i 1958 da Cliff Richard and the Drifters (seinare Cliff Richard and The Shadows) spelte inn Move It, som blir hevda å vere den første rock and roll–singelen i Europa.
Det var for øvrig The Beatles som braut med tradisjonane og bytta innspelingsteknikar, og dermed flytta grensene for kva som blir sett på som populærmusikk. Ved å nytte seg av flanger, bakvendt innspeling, automatisk dobbelsporing (ADT) og kontrollert akustisk tilbakekobling, så brukte The Beatles studioa i Abbey Road for kva det var verdt.
Abbey Road Studios er mest kjent for å tilknytinga med The Beatles, som på si side spelte inn nesten alle albumutgivelsane og singlar ved Abbey Road mellom 1962 og 1970. The Beatles gav også sitt siste studioalbum namnet Abbey Road i 1969, etter gata der innselingsstudioet var plassert. Plateomslaget på denne utgivinga var tatt av Iain MacMillan utanfor studioet, med det resultatet at fotgjengarfeltet der dei fire medlemane vart fotografert kom til å bli ein valfartsstad for Beatles-fans over heile verda. Det har også blitt ein langvarig tradisjon for vitjande å ære bandet ved å skrive namnet sitt på gjerdet utanfor studioet, trass i at dette blir måla over månadleg.