David Michael «Dave» Murray (fødd 23. desember1956) er ein engelsk gitarist og låtskrivar, mest kjend som ein av dei tidlege medlemmane i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. I lag med bassisten og hovudlåtskrivaren i gruppa, Steve Harris, har Murray vore med på alle albuma til bandet.
Murray voks opp forskjellige stader i London og vart medlem av ein skinhead-gjeng før han vart interessert i rock 15 år gammal og danna sitt eige band, Stone Free, med barndomsvenen Adrian Smith. Då han slutta på skulen 15 år gammal,[1] svarte han ofte på annonsar i Melody Maker før han prøvespelte for Iron Maiden i 1976. Ei kort stund seinare fekk Murray sparken etter ein krangel med vokalisten i bandet, Dennis Wilcock, og var seks månader i bandet til Smith, Urchin. Våren 1978 vart Murray igjen beden om å bli med i Iron Maiden etter at Wilcock hadde slutta, og har vore med i bandet sidan den gongen.