The Number of the Beast er det tredje studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut i mars 1982. Det var det første albumet til gruppa med vokalisten Bruce Dickinson og det siste med trommeslagaren Clive Burr.
The Number of the Beast fekk god kritikk og selde godt og var eit landemerke for bandet. Det gjekk til topps på den britiske albumlista, og selde til platinaplate i USA. Albumet inneheld singlane «Run to the Hills» og «The Number of the Beast», og den førstnemnde vart den første singelen til Iron Maiden som nådde topp 10 på den britiske singellista. Albumet var òg kontroversielt, særleg i USA, på grunn av dei religiøse referansane i plateomslaget og teksten på tittelsporet.
Etter utgjevinga av The Number of the Beast og den påfølgjande turneen, The Beast on the Road, har «The Beast» blitt eit alternativ namn for Iron Maiden og seinare nytta i titlar på somme samleplater og konsertutgjevingar, som Best of the Beast og Visions of the Beast.
Låtskriving og innspeling
The Number of the Beast er det einaste albumet til Iron Maiden der Clive Burr er godskriven som låtskrivar, og var det første albumet der gitaristen Adrian Smith stod oppført som låtskrivar.[6] I tillegg byrja Steve Harris å tilpasse låtskrivinga si til den nye vokalisten Bruce Dickinson. Produsenten på albumet, Martin Birch, sa «Eg trudde ikkje [den tidlegare vokalisten Paul Di'Anno] klarte å syngje somme av dei ganske så kompliserte retningane eg visste Steve ønskte å utforske... Då Bruce kom inn opna det opp før enorme mogelegheiter for det nye albumet.»[7]
I følgje fleire intervju var Dickinson sterkt involvert i å skrive fleire av songane på albumet, særleg «Children of the Damned», «The Prisoner» og «Run to the Hills».[8] På grunn av pågåande kontraktproblem med den førre gruppa si, Samson, kunne ikkje Dickinson på lovleg vis ta del i låtskrivinga på albumet,[6] og kunne berre kome med det han kalla «moralske bidrag», som tydde at han kunne påverke songane, men ikkje kome med så store innspel at han vart godskriven som låtskrivar.[9] Innspelinga og miksinga av albumet var over på fem veker,[3] etter at bandet hadde brukt lang tid på å konstruere nye songar.[10] Dette kom av at dette var første gongen bandet måtte skape eit album heilt frå starten av, og hadde veldig lite klart før før-produksjonen av albumet.[6]
Musikkpressa fortalte historier om uforklarte fenomen som oppstod under innspelinga i Battery Studios, som at lysa slo seg på og av av seg sjølv, og at innspelingsutstyret på mystisk vis brått slutta å virke.[2] Dette toppa seg då Birch var involvert i ei bilulukke med ein minibuss som transporterte ei gruppe nonner, og fekk ei rekning på reparasjonane på 666 pund.[11][12]
Songar
«Run to the Hills» vart gjeven ut på singel den 12. februar 1982, to veker før den britiske turneen til Maiden, og fungerte som ei førehandsvisning av albumet, som ikkje kom ut før to dagar etter den britiske delen av turneen var over.[3] Singelen kom med ein musikkvideo som nytta konsertopptak og klipp frå Buster Keaton-filmar,[3] og gjorde det merkverdig bra. Han vart den første singelen deira om nådde topp 10 på den britiske singellista.[13] Gruppa skunda seg for å bli ferdig med albumet i tide, og spele inn og mikse singelen for ei tidleg utgjeving. Dei valde raskt «Total Eclipse» som B-side.[10]
Sidan dei hadde skrive for mange songar, måtte dei velje mellom «Total Eclipse» og «Gangland» for singelen «Run to the Hills», med tanken om at den andre songen skulle vere med på albumet.[10] Fleire av bandmedlemmane har sidan angra på avgjersla og Steve Harris sa «Me valde rett og slett feil song som B-side. Eg trur at om 'Total Eclipse' hadde vore på albumet i staden for 'Gangland' så hadde det gjort det enno betre.»[10] I tillegg har Harris sagt at opningssporet «Invaders», ikkje var bra nok, og sa han «kunne ha vore erstatta av noko betre, men me hadde ikkje noko anna å erstatte han med på den tida. Me hadde akkurat nok tid til å gjere det me gjorde, og det var det.»[10]
Tittelsporet vart av mange religiøse grupper i USA rekna som bevis på at Iron Maiden var eit satanistisk band, men songen var i røynda inspirert av eit mareritt bassisten Steve Harris hadde hatt etter å ha sett filmen Damien: Omen II seint på kveld.[6] I tillegg sa Harris at teksten òg var inspirert av Robert Burns-diktet «Tam o' Shanter».[12] Songen opnar med ein talt introduksjon frå Johannes' openberring, lese av skodespelaren Barry Clayton.[14] I følgje Dickinson hadde bandet først spurt skodespelaren Vincent Price om å spele inn passasjen, men spurte Clayton etter at Price kravde 25 000 pund for jobben.[15] Sjølv om teksten i plateomslaget hevdar at passasjen er frå Johannes' openberring 13:18,[5][16] kjem den første linja frå 12:12.[17]
Avslutningssongen «Hallowed Be Thy Name» har blitt spelt på alle turnane deira utanom ein sidan albumet kom ut (det einaste unntaket var Maiden England-turneen i 2012-2014).[12]AllMusic skildra songen som «kanskje den mest hylla av dei lange episke songan til bandet. Det er ei soge om ein fange som er i ferd med å hengjast, med nokre av dei mest filosofiske tekstane til Harris nokon gong.»[18] Fleire bandmedlemmar har sidan sagt at det er ein av favorittsongane deira, og Dickinson skildra han som «fantastisk» og at å spele songen live var som om «å fortelje ein film til publikum.»[12] Eit konsertopptak av songen kom ut i 1993, og gav bandet nok ei topp 10-plassering i Storbritannia.[13]
«The Prisoner» var inspirert av ein britisk TV-serie med same namn, og inneheld dialog frå tittelsekvensen. Bandmanageren Rod Smallwood måtte ringe til Patrick McGoohan og bed om løyve til å bruke lydklipp for songen og var ekstremt nølande.[1] McGoohan skal ha sagt «Kva sa du namnet var igjen? Eit rockeband, seier du? Gjer det.»[1] Iron Maiden laga seinare ein annan song basert på serien, «Back in the Village» frå Powerslave i 1984.[21]
«22 Acacia Avenue» er den andre songen i soga om «Charlotte the Harlot», som opphavleg var skriven av Adrian Smith fleire år seinare, medan han spelte i det gamle bandet sitt, Urchin. I følgje Smith skal Steve Harris ha hugsa å ha høyrt songen på ein Urchin-konsert i ein lokal park, og modifisert songen for The Number of the Beast.[22]
Albumet fekk sterk motstand av konservative miljø, særleg i USA, der Iron Maiden vart skulda for å vere satanistar. Platene til bandet vart brende på bål, men nokre grupper øydela platene med hammar, i frykt for avgassane frå den brennande vinylen.[12][27] The Beast on the Road-turneen vart utsett for mange boikottar og demonstrasjonar. Konsertlokala vart ofte omringa av aktivistar som delte ut brosjyrar og i somme tilfelle vart ein åtte meter høg kross boren i protest.[12][28] Harris har sagt «Det var galskap. Dei misforstod det fullstendig. Dei hadde tydelegvis ikkje lese tekstane. Dei ønskte berre å tru alt det tøvet om at me var satanistar.»[29]
Etter utgjevinga har albumet som regel fått god kritikk. AllMusic har skildra det som «blant topp fem av dei viktigaste heavy metal-albuma som er gjevne ut. Ein hjørnestein i sjangeren.»[18]Sputnikmusic kalla det «ein klassikar i metal-verda»,[26] medan BBC Music hylla dei komplekse arrangementa på plata, og sa «Medan sjølv nokre av dei ærverdige HM-institusjonane (tenk Black Sabbath) vil slite med å lage materiale som var noko meir enn ei samling av moll-riff, klarte Iron Maiden denne bragda med stil.»[23]magasinet Q plasserte albumet på 100. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene i 2000 og kåra det i 2001 til eit av dei 50 tyngste albuma gjennom tidene.[30] I 2006 vart det sett på 40. plassen på lista deira over dei 40 beste albuma frå 1980-åra.[31]IGN og Metal Rules plasserte det på høvesvis tredje- og andreplassen på lista si over dei beste heavy metal-albuma,[32][33] og Guitar World rangerte det på 17. plassen på lista si over dei 100 beste gitaralbuma gjennom tidene.[34]Classic Rock plasserte det på 15. plassen på lista si over dei 100 beste britiske rockealbuma og skildra det som «det viktigaste metal-albumet det tiåret»,[28] og det vart kåra til det beste britiske albumet dei siste 60 åra av HMV i 2012.[35][36]The Number of the Beast er eit av to album som er oppført i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (Iron Maiden frå 1980 er det andre).[37]
I 2001 laga BBC ein dokumentarfilm om The Number of the Beast som ein del av serien Classic Albums, som kom ut på DVD same året.
Plateomslaget
Som alle Iron Maiden-omslaga i 1980-åra og tidleg i 1990-åra, vart det måla av Derek Riggs. Omslaget vart opphavleg laga for singelen «Purgatory», men Rod Smallwood meinte det var for bra for singelen og valde å spare det for The Number of the Beast i staden.[38] På den originale utgåva frå 1982 er det blå himmel i bakgrunnen. Dette var ein feil gjort av trykkjarane av omslaget. Dette vart seinare endra og kom ut i svart då albumet vart trykt på ny i 1998.[12]
Albumet var kontroversielt, særleg i USA, på grunn av teksten på tittelsporet og plateomslaget som syner Eddie som kontrollerer Satan som ein marionett, medan Satan kontrollerer ein mindre Eddie. Smallwood forklarer at konseptet var å spørje «kven er det verkeleg som er vond her? Kven manipulerer kven?»[38] I følgje Riggs var dette inspirert av ein Doctor Strange-teikneserie «som hadde ein stor skurk med Doctor Strange som hang i nokre strengar som ein marionett, det var noko eg las som barn attende i 1960-åra trur eg», medan bileta av helvete var «henta frå kunnskapen min om mellomalderkunst frå det kristne Europa, som var full av slike scener.»[39]
Den 24. oktober 2002 selte det progressive metal-bandet Dream Theater heile albumet på La Mutualite i Paris. Konserten vart spelt inn og gjeven ut på YtseJam Records.[41]
Fleire av songane på albumet er nytta i videospel: «Run to the Hills» er med i SSX On Tour som opningstema,[50]Grand Theft Auto: Episodes from Liberty City,[51][52] og ein coverversjon finst i Rock Band, den einaste songen i spelet som er oppført som 'umogeleg' for alle instrumenta.[53] I tillegg er «The Number of the Beast» (som den originale masterinnspelinga), «Run to the Hills» og «Hallowed Be Thy Name» (sistnemndee i ein liverversjon frå Flight 666) tilgjengelg som nedlasting for Rock Band den 8. juni 2009.[54] «The Number of the Beast» vart òg nytta i Guitar Hero III: Legends of Rock,[55] og i Tony Hawk's Pro Skater 4.[56]
Innhald
Originalutgåva
Alle songar er skrivne av Steve Harris, utanom der andre er nemnde.
The Number of the Beast var ein salssuksess,[29] og The New York Times skreiv i 2010 at det er seld 14 millionar eksemplar verda over.[58] Det var den første plata til bandet som toppa den britiske albumlista. Ho gjekk inn på topp 40 og rett til topps den 10. april, og låg på toppen i alt i to veker, og låg inne på topp 75 i alt 31 veker.[13] Ho gjekk inn på Billboard 200 på ein 150. plass og nådde 33. plassen på det beste. I tillegg gjekk albumet inn på topp 10 i Austrerrike, Sverige og nådde 11. plassen i Canada og 13. plassen i Noreg.
Plata har seld til platinaplate i Storbritannia og USA, og gullplate i Tyskland.
Dei to singlane, «Run to the Hills» og tittelsporet debuterte på den britiske singellista på høvesvis sjuande og 18. plassen. BEgge songane gjekk inn på den irske singellista og nådde 16. og 19. plassen der.
↑«Top 50 Albums». RPM (Library and Archives Canada) 36 (15). 22 May 1982. Henta 31 August 2008.
↑Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN978-951-1-21053-5.
У этого термина существуют и другие значения, см. Карпаты (значения). Эта статья — о футбольном клубе, расформированном в 2021 году. О футбольном клубе, выступающем в чемпионате Украины см. Карпаты (футбольный клуб, Львов, 2020). Эту страницу предлагается объединить �...
Latin American edition of fashion magazine Vogue Vogue México y LatinoaméricaJoan Smalls on the cover of Vogue Mexico, September 2015.Editor-in-chiefKarla MartínezCategoriesFashionFrequencyMonthlyCirculation316,408PublisherCondé NastFirst issueOctober 1999Based inMexico (Mexican edition)Miami, United States (Latin American edition)LanguageSpanishWebsitevogue.mxVogue México y Latinoamérica is a Mexican/Latin American fashion magazine which is an offshoot of the American Vogue magazine. T...
Xylariaceae Xylaria hypoxylonTaxonomíaReino: FungiDivisión: AscomycotaClase: SordariomycetesSubclase: XylariomycetidaeOrden: XylarialesFamilia: XylariaceaeTul. & C. TulGéneros ver texto [editar datos en Wikidata] Xylariaceae es una familia de hongos ascomicetos pequeños en el orden Xylariales. Es uno de los grupos de ascomicetos más comúnmente encontrados, y se les encuentra por todas las regiones templadas y tropicales del mundo. Por lo general se les encuentra sob...
POLR2E Наявні структури PDBПошук ортологів: PDBe RCSB Список кодів PDB 5IY6, 5IY9, 5IY8, 5IYA, 5IYB, 5IY7, 5IYC, 5IYD Ідентифікатори Символи POLR2E, RPABC1, RPB5, XAP4, hRPB25, hsRPB5, polymerase (RNA) II subunit E, RNA polymerase II subunit E, RNA polymerase II, I and III subunit E Зовнішні ІД OMIM: 180664 MGI: 1913670 HomoloGene: 2018 GeneCards: POLR2E Онтологія гена Молекулярна функція •...
José Manuel Urtain UrtainNombre José Manuel Ibar AzpiazuNacimiento Aizarnazábal, Guipúzcoa, España14 de mayo de 1943Fallecimiento 21 de julio de 1992 ,Madrid, España21 de julio de 1992 (49 años)Apodo Urtain, el Tigre de Cestona, el MorroskoPeso Peso pesadoNacionalidad EspañolaEstadísticasTotal 68Victorias 53 • Por nocaut 41Derrotas 11Empates 4No presentado 0[editar datos en Wikidata] José Manuel Ibar Azpiazu (Aizarnazabal,[1] Guipúzcoa, 14 de mayo de 19...
العلاقات الجيبوتية الزامبية جيبوتي زامبيا جيبوتي زامبيا تعديل مصدري - تعديل العلاقات الجيبوتية الزامبية هي العلاقات الثنائية التي تجمع بين جيبوتي وزامبيا.[1][2][3][4][5] مقارنة بين البلدين هذه مقارنة عامة ومرجعية للدولتين: وجه المقارنة جيب
AFN-Logo American Forces Network (AFN) ist ein weltweites Netz von Hörfunk- und Fernsehsendern der US-amerikanischen Streitkräfte (Soldatensender). Von 1943 bis in die 1990er-Jahre stand AFN für die Rundfunkaktivitäten des US-Militärs im westlichen Mitteleuropa (Western Europe; siehe unten #Geschichte) mit Ausnahme von Österreich (1945–1955, siehe Blue Danube Network). Heute fungiert AFN als weltweiter Markenname[1] der Defense Media Activity (DMA,[2] Fort Meade, Maryl...
Athletics at the 1930 BritishEmpire GamesTrack events100 ydmen220 ydmen440 ydmen880 ydmen1 milemen3 milesmen6 milesmen120 yd hurdlesmen440 yd hurdlesmen2 miles steeplechasemen4 × 110 yd relaymen4 × 440 yd relaymenRoad eventsMarathonmenField eventsHigh jumpmenPole vaultmenLong jumpmenTriple jumpmenShot putmenDiscus throwmenHammer throwmenJavelin throwmenvte The men's 6 miles event at the 1930 British Empire Games was held on 17 August at the Civic Stadium in Hamilton, Canada.[1][...
This is a list of postal codes in Canada where the first letter is K. Postal codes beginning with K are located within the City of Ottawa, and surrounding eastern and central regions of the Canadian province of Ontario. Only the first three characters are listed, corresponding to the Forward Sortation Area (FSA). Canada Post provides a free postal code look-up tool on its website,[1] via its mobile apps for such smartphones as the iPhone and BlackBerry,[2] and sells hard-copy ...
You can help expand this article with text translated from the corresponding article in Spanish. (December 2015) Click [show] for important translation instructions. Machine translation, like DeepL or Google Translate, is a useful starting point for translations, but translators must revise errors as necessary and confirm that the translation is accurate, rather than simply copy-pasting machine-translated text into the English Wikipedia. Consider adding a topic to this template: there ar...
Political party in North Macedonia Green Humane City Зелен хуман градAbbreviationZHGFounded16 September 2020; 3 years ago (2020-09-16)HeadquartersSkopjeIdeologyGreen municipalismDirect democracyColours GreenSkopje City Council2 / 45Mayors0 / 81Party flagWebsitemojgrad.mkPolitics of North MacedoniaPolitical partiesElections Green Humane City (Macedonian: Зелен хуман град, romanized: Zelen human grad, ZHG) is an informal green munici...
Political party in Romania Pirate Party Romania Partidul Pirat RomaniaFounded2009IdeologyPirate politicsFreedom of InformationPrivacyNon-Interventionist DistributismDirect DemocracyTransparency of governmentInternational affiliationPirate Parties InternationalWebsitewww.partidulpirat.roPolitics of RomaniaPolitical partiesElections Part of a series onPirate Parties Ideas Anti-corporate activism Anti-corruption Civil and political rights Civil libertarianism Copyright reform Cyber-utopianis...
English alternative rock band This article is about the band. For the nickname for Unification Church members, see Moonies.An editor has nominated this article for deletion.You are welcome to participate in the deletion discussion, which will decide whether or not to retain it.Feel free to improve the article, but do not remove this notice before the discussion is closed. For more information, see the guide to deletion.Find sources: The Moonies – news · newspapers ...
Soviet-born Israeli chess player Alla KushnirKushnir (1973)Full nameAlla Shulimovna KushnirCountry Soviet Union IsraelBorn(1941-08-11)11 August 1941Moscow, Russia SSR, Soviet UnionDied2 August 2013(2013-08-02) (aged 71)Tel Aviv, IsraelTitleWoman Grandmaster (1976)Peak rating2430 (January 1990) Alla Shulimovna Kushnir (Hebrew: אלה שולימובנה קושניר; Russian: Алла Шулимовна Кушнир; 11 August 1941 – 2 August 2013) was a Soviet-born I...
Manhwa series This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Full House manhwa – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (April 2010) (Learn how and when to remove this template message) Full HouseCover of the Central Park Media edition of Full House vol. 1 (2004), art by Won Soo-yeon풀�...
This template was considered for deletion on 2020 March 8. The result of the discussion was merge/delete. Middle-earth Template‑classThis template is within the scope of WikiProject Middle-earth, which aims to build an encyclopedic guide to J. R. R. Tolkien, his legendarium, and related topics. Please visit the project talk page for suggestions and ideas on how you can improve this and other articles.Middle-earthWikipedia:WikiProject Middle-earthTemplate:WikiProject Middle-earthTolkien a...
This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Golden Balls film – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (April 2019) (Learn how and when to remove this template message) 1993 filmGolden BallsDVD cover for Huevos de oroDirected byBigas LunaWritten byCuca CanalsBigas LunaProduced byAurelio De Laur...
Peta menunjukkan lokasi Siaton Siaton adalah munisipalitas yang terletak di provinsi Negros Oriental, Filipina. Pada tahun 2010, munisipalitas ini memiliki populasi sebesar 69.512 jiwa dan 13.902 rumah tangga. Pembagian wilayah Secara administratif Siaton terbagi menjadi 26 barangay, yaitu: Albiga Apoloy Bonawon Bonbonon Cabangahan Canaway Casala-an Datag Giliga-on Inalad Malabuhan Maloh Mantiquil Mantuyop Napacao Panaon Poblacion I Poblacion II Poblacion III Poblacion IV Salag San Jose Sandu...
2021 filmParvaaz: The JourneyOfficial film posterDirected byGurbir Singh GrewalWritten byBarney ThomsonProduced byBarney Thomson Dave Sidhu Navjot Barney AnbholeStarring Gulshan Grover Kimi Verma Mandeep Brar CinematographyAndy HodgsonProductioncompanyBarney Films & Media Arts IncDistributed byNavroz Gurbaz EntertainmentRelease date23 July 2021 (Canada) (theatrical)Languages Hindi English Punjabi Parvaaz: The Journey is a 2021 Indian bilingual drama film directed by Gurbir Singh Grewal, ...