«Wildest Dreams» er ein song av Iron Maiden frå albumet Dance of Death, frå 2003. Han var skriven av gitaristen Adrian Smith og bassisten Steve Harris.
Oversyn
Bandet byrja å spele songen på konsertar før albumet kom ut. Singelen inneheld ein improvisasjonsjam frå innspelinga av Dance of Death. Songen vart spelt igjen på The Final Frontier World Tour.
Musikkvideoen er ein dataanimert kortfilm, der bandmedlemmane køyrer rundt på ein aude planet og inn i munnen på Eddie (slik ein kan sjå på singelomslaget).[2]
Gitarsoloen i «Wildest Dreams» vert spelt av Adrian Smith.
Songen vart òg gjeven ut på ein DVD-singel, noko som var unikt for bandet,[3] samstundes med CD-singelen.[4]
Singelen vart òg gjeven ut på 7" grøn vinyl i avgrensa opplag[5] med to spor, ein CD maxi-singel med tre spor[6], og på DVD med tittelsporet som singel[7] og videoklipp av innspelinga.
Innhald
CD-singel
- «Wildest Dreams» (Adrian Smith, Steve Harris) – 3:49
- «Pass the Jam» (Bruce Dickinson, Janick Gers, Harris, Nicko McBrain, Dave Murray, Smith) – 8:20
- «Blood Brothers» (Orchestral Mix) (Harris) - 7:10
7" grøn vinyl
- A1 - «Wildest Dreams» (Smith, Harris) – 3:49
- B2 - «Pass the Jam» (Dickinson, Gers, Harris, McBrain, Murray, Smith) – 8:20
DVD-singel
- «Wildest Dreams» (promo video) (Smith, Harris) – 3:49
- «The Nomad» (rock mix) (Murray, Harris) - 9:01
- «Blood Brothers» (rock mix) (Harris) - 7:10
- "Dance of Death – Behind the Scenes" (video) - 2:00
Japansk CD-singel
- «Wildest Dreams» (promovideo) (Smith, Harris) – 3:49
- «Pass The Jam» (Dickinson, Gers, Harris, McBrain, Murray, Smith) - 8:20
- «Blood Brothers» (rock mix) (Harris) - 7:10
- «Blood Brothers» (orchestral Mix) (Harris) - 7:10
Medverkande
Henta frå CD-omslaget[1]
- Iron Maiden
- Produksjon
Lister
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Tilknytt | |
---|
|