«Aces High» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, skriven av bassisten i bandet, Steve Harris. Han var den ellevte singelen til bandey og den andre frå studioalbumet Powerslave (1984).
Den første B-sida til singelen var ein versjon av Nektar-songen «King of Twilight» frå albumet A Tab in the Ocean frå 1972. Versjonen deira er i røynda ein medley av songane «Crying in the Dark» og «King of Twilight», dei to siste songane på albumet. Den japanske 12"-singelen vart miksa med B-sidene frå singlane «The Trooper» og «2 Minutes To Midnight».[1][2]
Oversyn
Teksten i songen er skriven ut frå synspunktet til ein britisk RAF-pilot som kjempar mot tyske Luftwaffe under Battle of Britain i 1940.[3]
«Aces High» er ein av dei mest populære songane til Iron Maiden, og har blitt spelt av mange andre artistar.[4][5] Songen vart nytta i videospelet Madden NFL 10, MTV-showet Nitro Circus og Steve Peat-delen av mountain bike-filmen New World Disorder III. Colin McKay nytta songen i sin del av skate-videoen Plan B Questionable. Songen finst òg i videospelet Carmageddon II: Carpocalypse Now.
Konsertversjonar
«Aces High» vert ofte spelt som opningssongen på konsertane til Iron Maiden. Dette kan ein mellom anna sjå i videoane Live After Death og Iron Maiden: Flight 666. Songen kjem ofte like etter Winston Churchill-talen «We shall fight on the beaches» med lyden av fly i bakgrunnen. Churchill-talen vart òg nytta i byrjinga av musikkvideoen til songen.
I eit intervju i 2014 med magasinet Q sa Gerard Way at «konsertversjonen av 'Aces High' frå Live After Death var songen som førsst fekk han interessert i å spele live.»[6]
Innhald
- 7"-singel
|
1. | «King of Twilight» (Nektar cover) | Nektar | 4:49 |
- 12"-singel
|
1. | «Aces High» | Steve Harris | 4:31 |
|
1. | «King of Twilight» (Nektar-song) | Nektar | 4:49 |
2. | «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Westfalenhalle Arena, Dortmund, Germany, 18 December 1983) | Harris | 4:57 |
- Japansk og brasiliansk 12"-singel
|
1. | «Aces High» | Harris | 4:31 |
2. | «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Westfalenhalle Arena, Dortmund, Germany, 18 December 1983) | Harris | 4:56 |
Medverkande
Frå singelomslaget.[7][8]
- Iron Maiden
- Produksjon
Andre versjonar
Lister
Fotnotar
- ↑ Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Tilknytt | |
---|
|