Teksten handlar om ein arktisk oppdagar som døyr og frys fast i isen. Etter hundre år vert lekamen hans funnen bevart av andre oppdagarar.[2]Adrian Smith vart inspirert til å skrive songen etter å ha snakka med ein oppdagar som hadde opplevd noko liknande.
Gitarsoloen i «Stranger in a Strange Land» vart spelt av Adrian Smith. Songen er ein av berre fire Iron Maiden-songar som tonar ut. Tekstlinja «no brave new world» vart òg nytta på Iron Maiden-albumet Brave New World.
B-sida til singelen, «That Girl» og «Juanita», vart begge spelte under ein hemmeleg konsert med The Entire Population of Hackney den 19. desember 1985, med Adrian Smith på vokal. Det var truleg slik ideen kom til om å spele dei inn som B-sider.
«That Girl» var skriven av Merv Goldsworthy, Pete Jupp og Andy Barnett i ei tidleg utgåve av bandet FM og var eit av demospora som sikra dei platekontrakt med CBS i 1984.[3] Songen vart sidan gjeven ut av både Iron Maiden og FM i 1986. På den tida hadde brørne Steve og Chris Overland kome med i FM og delar av den originale songen hadde blitt omskrive.[4] .
«Juanita» vart opphavleg spelt av Barnett-bandet Marshall Fury tidleg i 1980-åra og vart skriven av Steve Barnacle og Derek O'Neil. Marshall Fury spelte aldri inn ein studioversjon av songen.
↑«FM Biography». FM Official - The Home of British Rock Band FM. Henta 31 August 2015. «In the summer of 1984...FM was formed... the band wrote six songs. By December of that same year FM had secured a recording contract with the CBS/Portrait label...»
↑«Q&A with Pete Jupp». FM Official - The Home of British Rock Band FM. Henta 31 August 2015..
↑«Stranger in a Strange Land» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 November 1986.
↑«Stranger in a Strange Land» 12 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 22 November 1986.