Han har fagbrev som maskinarbeidar frå 1983 og 1994, og er Master of Management frå BIGjøvik frå 2003. I tillegg har han vore fagarbeidar ved Raufoss Ammunisjonsfabrikk 1984–1994, prosesskontrollør 1994–1997 og prosessutviklar innan romfart ved Rfs. Technology 1997–2000.
Johansen har vore medlem av Vestre-Toten kommunestyre 1993–1995, formannskapsmedlem 1995–2003 og 2005–2009, i tillegg til gruppeleiar 1995–2009. 1999–2009 var han gruppeleiar og medlem av Oppland fylkesutval . Formann i Vestre Toten Frp 1992–2000, nestleiar i Oppland FrP 1996–1999, og leiar i Oppland FrP frå 1999. Rådgjevar i FrP 2008–2009.