Sunndal har ca. 7500 innbyggjarar, av dei bur rundt 4500 i tettstaden Sunndalsøra.
I arbeids- og næringslivet i Sunndal er det aluminiumsverket som dominerer, med ca. 900 arbeidsplassar. Verket er nyleg (2004) modernisert, samtidig som det feirar 50-års-jubileum. Det er Norsk Hydro som har eigd aluminiumsverket sidan 1980-talet.
Sjølv om tettstaden er bygd opp omkring aluminiumsverket, er Sunndal og ein stor jordbrukskommune og har ein godt utbygd offentleg sektor.
Sunndalsøra er truleg den staden i Noreg som har størst del av bustadene sine i bustadsamvirket.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Sunndal kommune frå 1854:
aTalet omfattar ikkje krinsen Ålvundfjord, som var del av gamle Stangvik kommune fram til 1965, då han vart overført til Sunndal kommune. Dette området hadde då 508 innbyggjarar.