Administrasjonssenteret i kommunen er Åndalsnes. Lokalavisa er Åndalsnes Avis som kjem ut tre gonger i veka.
Geografi
Rauma femner bygdene omkring den indre delen av Romsdalsfjorden og dei kortare utløparane Rødvenfjorden, Innfjorden og Isfjorden, i tillegg til 45 km søraustover inn sjølve Romsdalen med fjellstroka der. Romsdalsfjorden har høge fjell på båe sidene og kvasse tindar med tronge sidedalar mellom. Det høgaste punktet er Pyttegga på 1999 moh., som ligg på grensa til Norddal i sør. Romsdalsalpane er ei kjend fjellkjede med Venjetindan og Romsdalshorn austanfor Romsdalen og Trolltindan, Kongen, Bispen og Dronninga på vestsida. Over halvparten av arealet i kommunen ligg høgare enn 900 moh.
Busetnaden held for det meste til langsmed Romsdalsfjorden og sidefjordane. Ved utløpet av Rauma ligg byen og administrasjonssenteret Åndalsnes med 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023. På sørvestsida av utløpet er strandstaden Veblungsnes. Inst i Isfjorden ligg tettstaden Isfjorden med 1 351 innbyggjarar per 1. januar 2023. Andre tettstader i kommunen er Voll med 500 innbyggjarar per 1. januar 2023, Innfjorden med 500 innbyggjarar per 1. januar 2023 og Brønnsletten med 239 innbyggjarar per 1. januar 2023. Av mindre bygder kan nemnast Vågstranda, Måndalen, Eidsbygda, Rødven, Åfarnes, Mittet, Marstein og Verma. I 1996 vedtok Rauma kommunestyre at Åndalsnes skulle få status som by.
Næringsliv
Jordbruk er ei vanleg næring i nedre part av dalane og kringom Isfjorden og Rødvenfjorden, med husdyrhald som det mest utbreidde innan jordbruket. Det er litt produktiv skog i Rauma, med ei skogavverking på om lag 3700 m3 i 2003. Det er mykje industri i kommunen, med konfeksjonsindustrien som ei tradisjonelt viktig næring. Andre næringar er tekstil-, møbel-, plastvare- og verkstadindustri. Elva Rauma er bygd ut med tre kraftverk. Størst av desse er Grytten med vassoverføringar frå Eiksefalen.
Samferdsle
Raumabanen går frå Dombås på Dovrebanen til Åndalsnes. Parallelt med jarnbana går E 136, som går vidare til Ålesund. Frå Åndalsnes går vegar på nordsida av fjorden til Molde (Fv64) og Kristiansund, og opp Isterdalen med den kjende Trollstigvegen går Fv63 over til Valldal. I laupet av 1990-åra er det gjort omfattande sikringstiltak mot ras med bygging av m.a. Innfjordtunnelen og Måndalstunnelen på E 136.
Kultur
Rauma har mykje turisme om sumaren, med tildrag som fjellklatring og laksefiske. Romsdalen er eit bra område for klatrarar med eitt av dei høgast overhengande stupa i Europa, Trollveggen på 1000 meter. Norsk Fjellfestival vert halden i Åndalsnes juni kvart år. Kyrkjer i kommunen er Kors kyrkje, Grytten kyrkje og Rødven stavkyrkje frå mellomalderen. På Klungnes vert Sinclairspelet arrangert om sumaren til minne om skottetoget i 1612. Nær Verma går steinkvelvbrua Kylling jernbanebru over elva Rauma. I Åndalsnes ligg Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Her vert det òg arrangert musikkfestivalar årleg, av dei Trollblues og RaumaRock.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Rauma kommune frå 1920:
aTalet omfattar Veøya, Sekken og Nesjestranda, som var del av gamle Veøy kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Molde kommune. Desse områda hadde då 756 innbyggjarar.