Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.[1]
Geografi
Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund.[2]
Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².[3]
Næringsliv
Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang.[3] Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005.[2]Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.[2]
Ny Jord starta eit omfattande bureisingsfelt på Frostadheia på 1930-talet[4]
Befolkning
1. januar 2024 budde det 2159 personar i Smøla kommune. Av dei budde om lag 1650, om lag 75 %, på hovudøya Smøla. I 1900 budde berre 54 % av folket i den noverande kommunen på hovudøya. Då var det busetjing på over 50 småøyar i skjergarden rundt øya. Dei fleste av desse øyane er no fråflytta.
Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1801