Hustadvika er ein norsk kommune i Møre og Romsdal fylke, som var oppretta frå og med 1. januar 2020. Kommunen er ei samanslåing av tidlegare Fræna kommune på Romsdalskysten og Eide kommune på Nordmøre.[1]
Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2019 vart det for første gong valt representantar til kommunestyret i Hustadvika kommune. Tove Henøen frå Senterpartiet fekk ordførarvervet, medan Tom Grunde Malme frå Kristeleg Folkeparti er varaordførar.[2]