Fiskå er kommunesenteret og er den einaste tettstaden i kommunen etter SSB sin definisjon, med 504 innbyggjarar per 1. januar 2020.[2] I sentrumskjerna ligg Combisenteret som dekkjer apotek, daglegvarehandel og legesenter.
Historie
Vanylven er vorten kalla «Solsikkelandet» etter at kommunen vann solsikkekonkurransen til Innovasjon Norge i 2004.
År 2000-markeringa
Kommunen har ikkje eigen tusenårsstad, men det blei planta ein del tusenårstre i regi av skolar, bygdelag og 4H. Trea er plassert rundt omkring i kommunen, t.d. ved kommunesenteret i Fiskå, ved dei ulike skolane og ved nokre forsamlingshus.