«Orne inférieure» var opphavleg påtenkt som namn til departementet, men ein valde å i staden kalle det opp etter ei gruppe klipper i sjøen utanfor kysten.
Landgangen under D-dagen fann stad på strendene i Baie de Seine 6. juni1944. Byen Caen vart nesten utsletta etter slaga som følgde i tida etter.
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Basse-Normandie og grensar til departementa Seine-Maritime, Eure, Orne og Manche. På nordsida ligg Baie de Seine, ein del av Den engelske kanalen, og i aust dannar Seinen grensa mot Seine-Maritime. Calvados inkluderer området Bessin, Pays d'Auge og området kalla «Suisse Normande» («Normannisk Sveits»).
Calvados mest kjende stader er Deauville og dei tidlegare elegante kasinobyane frå 1800-talet langs kysten.