Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og dannar den austlege halvdelen av regionen (49 % av det totale arealet). Seine-et-Marne grensar til departementa Val-d'Oise, Seine-Saint-Denis, Val-de-Marne og Essonne i vest, Loiret og Yonne i sør, Aube og Marne i aust, og Aisne og Oise i nord.
Departementet har mange naturreservat, mest kjend er Brie og Gâtinais.
Det høgaste punktet i departementet er Saint-George på 215 m.
Klima
Seine-et-Marne har eit temperert klima. Den årlege nedbørsnormalen er rundt 650 mm, som er meir enn normalen for heile regionen Île-de-France (600 mm). Middeltemperaturen er om lag 3 °C i januar og 19 °C i juli.
Ein storm den 26. desember1999 tok livet av fem menneske i Seine-et-Marne og reiv ned mange tre.
Økonomi
60 % av området vert nytta til jordbruk, som er det største og viktigaste jordbruksområdet i Île-de-France. Korn og sukkerroe er dei viktigaste eksportvarene frå Seine-et-Marne. Dei andre områda som er viktigast for økonomien er raffineriet ved Grandpuits og forskingsanlegget SNECMA. Dei to nye byane er eit senter for turisme, hovudsakleg på grunn av temaparkar som Disneyland Resort Paris
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seine-et-Marnais.
Opphavleg var Seine-et-Marne eit landleg og lett folkesett departement, men i løpet av dei siste 50 åra har innbyggjartalet vorte tredobla på grunn av den nære tilknytinga til Paris og urbanisering. I 2004 vart folketalet estimert til 1,24 millionar innbyggjarar. Området har endra seg frå å bestå av mange små landsbyar til å utgjere ein stor del av storbyområdet til Paris.