¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Haute-Corse er eit departementet på Korsika i Frankrike. Departementet utgjer den nordlege halvdelen av Korsika.
Historie
Departementet vart oppretta 15. september1975, då departementet Korsika vart delt inn i Haute-Corse og Corse-du-Sud. Departementet samsvarar nøyaktig til det tidlegare departementet Golo, som eksisterte mellom 1793 og 1811.
Geografi
Departementet er omringa på tre sider av Middelhavet, og grensar til departementet Corse-du-Sud i sør.
Kultur
Koriskanarar er eit svært sjølvstendig folk. Ein folkeavstemming i 2003 der ein kunne stemme for auka sjølvstende vart derimot stemd ned med svært lite margin, 50,98 % mot 49,02 %. Dette var eit stort tilbakesteg for den dåverande franske innanriksministeren Nicolas Sarkozy, som hadde håpa og bruke Korsika som eit første steg for desentraliseringspolitikken sin.