- For elva med same namn, sjå elva Corrèze
Corrèze er eit departementet sentralt i Frankrike. Departementet ligg i regionen Limousin og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie
Corrèze er ein av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Limousin (Bas-Limousin).
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Limousin. Han grensar til departementa Creuse, Haute-Vienne, Cantal, Puy-de-Dôme, Lot og Dordogne. Tulle er préfecture i Corrèze.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla corréziens.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Corrèze