Hovudnæringane i departementet er jordbruk og turisme. Departementet har den lågaste arbeidsløysa i Frankrike.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla lozériens, og Lozère er det departementet i Frankrike med lågast innbyggjartal, omkring 75 000.
Den låge folketettleiken (14 innbyggjarar/km²) kjem av dårleg jordsmonn i regionen og fråflyttinga frå distrikta til byane, særleg i perioden 1850-1910.
I seinare år har folketalet i departementet auka litt, sidan ein meiner ein har god livskvalitet her. Folkesetnaden er derimot eldre her enn gjennomsnittet for heile nasjonen.
Turisme
Av turistaktivitetar finn ein holeutforsking, og forskjellige typar sport som skigåing eller kajakkroing. Lozère inneheld ein del av nasjonalparken Parc National des Cévennes. Lozère vert rekna som eit av dei beste områda i Frankrike for aurefiske, særleg i elvar som Lot, Tarn og Truyère.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lozère