Vaucluse
Vaucluse (oksitansk Vauclusa eller Vau-Cluso) er eit departement søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur HistorieDen 14. september 1791 vart dei tidlegare pavelege områda Avignon og Venaissin innlemma i Frankrike. Frå og med den 28. mars 1792 danna desse områda to nye distrikt, Avignon i Bouches-du-Rhône og Carpentras i Drôme. Den 12. august 1793 vart så departementet Vaucluse oppretta, som i tillegg til Avignon og Carpentras omfatta Apt og Orange (som tidlegare hadde tilhøyrt Bouches-du-Rhône) og kommunen Sault (som tidlegare hadde tilhøyrt Basses-Alpes; seinare kalla Alpes-de-Haute-Provence). Ei grensejustering i 1800 plasserte kommunen Suze-la-Rousse i Drôme, slik at Vaucluse-kommunen Valréas vart liggande som ei øy nabo-departemenetet Drôme. GeografiDepartementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Gard, Ardèche, Drôme, Alpes-de-Haute-Provence og Bouches-du-Rhône. Vaucluse har ein relativ stor eksklave i departementet Drôme, kantonen Valréas (Enclave des Papes). Vaucluse grensar til elvene Rhône i vest og Durance i sør. Fjell utgjer den austlege halvdelen av departementet der Mont Ventoux (1 912 m), òg kalla «Giganten i Provence», dominerer landskapet. Andre viktige fjellrekkjer er Dentelles de Montmirail, Monts de Vaucluse og Luberon. Det vert dyrka store mengder frukt og grønsaker i dei lågareliggande områda av departementet, på ei av dei mest frodige slettene i Sør-Frankrike. Viktige byar i departementet er Avignon, Orange, Carpentras, Cavaillon og Apt. Demografi
Bakgrunnsstoff![]() |