Eure
Eure er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Haute-Normandie, og er kalla opp etter elva med same namn. HistorieEure er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie. GeografiDepartementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Seine-Maritime, Oise, Val-d'Oise, Yvelines, Eure-et-Loir, Orne og Calvados. Departementet består hovudsakleg av eit skogkledd platå med dalane til elva Seinen og sideelvane hennar i mellom Høgda varierer frå havnivå til 248 meter i sør. DemografiInnbyggjarane i departementet vert på fransk kalla eurois. TurismeDen største turistattraksjonen er Giverny (4 km frå Vernon) der Claude Monet sitt hus og hage er. Klosteret i Bec og Château-Gaillard nær Les Andelys er andre viktige turistattraksjonar. Bakgrunnsstoff![]() |