Ei rekkje åser kalla Plateau de Langres går frå nordaust til sørvest gjennom departementet nord for Dijon, og held fram sørvestover Côte d'Or-skrenten, som har tatt namn etter departementet. Det er i skrenten som vender mot søraust at den kjende Bourgognevinen vert dyrka. Vest for Plateau de Langres, mot Champagne, ligg det tett skogområdet Châtillonais. Søraust for platået og skrenten ligg det ein vid og flat dal som elva Saône renn gjennom.
Ouche har sitt utspring ved skrenten og renn ut i Saône etter Dijon.
Armançon har sitt utspring ved skrenten og renn nordvestover.
Arroux har sitt utspring ved skrenten sør i departementet.
Klima
Klimaet i departementet er temperert med mykje regn på vestsida av åsrekkja.
Økonomi
Departementet er eit av dei beste vinområda i Frankrike. Andre avlingar er mellom anna kornavlingar og poteter. Det vert òg avla sau og kveg i området. Regionen er kjend for sennepen frå Dijon.
I tillegg har ein kolgruver og tungindustri som stål, maskineri og steintøy. Dei største industriområda ligg i nærleiken av Dijon.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla côte-d'oriens.