Morbihan er eit departementet nordvest i Frankrike . Departementet ligg i regionen Bretagne , og er kalla opp etter ein lukka sjø langs kysten.
Historie
Morbihan er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen . Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne .
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Finistère , Côte-d'Armor , Ille-et-Vilaine og Loire-Atlantique , i tillegg til Atlanterhavet i sørvest.
Morbihanbukta har mange øyar. I følgje segna er det 365, men i røynda mellom 30 og 40 alt etter korleis dei vert telt. Det er òg mange holmar og småøyar som er for små til å byggjast på. Av desse øyane er alle bortsett frå to privateigde, enkelte av dei av filmstjerner og motedesignarar.
Utanfor bukta ligg fire busette øyar:
Meaban, like utanfor Port du Crouesty er eit fuglereservat der det er forbode å gå i land.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Morbihannais .
Kultur
Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet, og mange krev tospråkleg utdanning.
Turisme
Steinblokkene i Carnac ligg i Morbihan.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Morbihan