Seine-Saint-Denis

Seine-Saint-Denis
Våpenskjoldet til Seine-Saint-Denis
Plassering
Plasseringa til Seine-Saint-Denis i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 93
Region: Île-de-France
Préfecture: Bobigny
Sous-préfectures: Le Raincy
Saint-Denis
Arrondissement: 3
Kantonar: 40
Kommunar: 40
Statistikk
Folketal Rangering 7.
 -2005 1 459 074
Folketettleik: 6 183/km²
Landareal¹: 236 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Seine-Saint-Denis er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike like nordaust for Paris. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Seinen og byen Saint-Denis. Lokalt vert departementet stundom kalla «l'neuf trois» ('Ni-trearen') etter det offisielle administrasjonsnummert til departementet, 93.[1]

Historie

Seine-Saint-Denis var ein stor del av det tidlegare departementet Seine fram til 1964. Gjennom historia har venstresida stått sterkt i departementet, særleg Det franske kommunistpartiet, som framleis sit i byrådet i byar som Saint-Denis, Aubervilliers, Bobigny og La Courneuve. Seine-Saint-Denis er det einaste departementet der kommunistpartiet har fleirtal i hovudstyret.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France, og i lag med Val-de-Marne og Hauts-de-Seine er det eit av tre små departementet som dannar ein ring rundt Paris, kjend som petite couronne («den litle ringen»). Seine-Saint-Denis grensar til departementa Val-de-Marne, Seine-et-Marne, Val-d'Oise, Hauts-de-Seine og Paris.

Folkesetnad

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Séquano-Dionysiens.

Seine-Saint-Denis er det departementet med flest immigrantar i Frankrike, om lag 25 %.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Seine-Saint-Denis