Departementet vart invadert av Spania i april 1793, men området vart erobra tilbake tretten månader seinare.
Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Languedoc-Roussillon og grensar til departementa Aude og Ariège, i tillegg til Spania og Andorra i sør og vest.
Pyrénées-Orientales har eit areal på 4 115 km² og eit folketal på om lag 400 000, der om lag ein fjerdedel bur i hovudstaden Perpignan. Andre byar er Argelès-sur-Mer, Thuir, Elne (Illiberis i antikken) og Prades, som alle har 6-10 000 innbyggjarar.
Pyrénées-Orientales består av tre elvedalar i Pyreneane og den austlege sletta i Roussillon der dalane møtes. Frå nord til sør er desse Agly, Têt og Tech. Størsteparten av folkesetnaden og jordbruksproduksjonen er konsentrert på sletta, som berre dekkjer ein tredjedel av arealet i departementet.
Den øvre Techdalen er den vestlegaste, og har berre ein tiandedel av folkesetnaden i departementet. I søraust ligg Têtdalen og Côte Vermeille med om lag 100 000 innbyggjarar. Agly ligg i nordaust og har meir tilfelles med nabodepartementet Aude.
Økonomi
Pyrénées-Orientales er eit vinområde og ein populær turiststad.
Demografi
Heile folkesetnaden snakkar fransk, men mindre grupper talar òg katalansk og oksitansk.