Ardennes

Ardennes er òg det franske namnet på fjellområdet Ardennane
Ardennes
VÃ¥penskjoldet til Ardennes
Plassering
Plasseringa til Ardennes i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 08
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Charleville-Mézières
Sous-préfectures: Rethel
Sedan
Vouziers
Arrondissement: 4
Kantonar: 37
Kommunar: 463
Président du conseil général: Benoît Huré
Statistikk
Folketal Rangering 75.
 -1999 290 130
Folketettleik: 55/km²
Landareal¹: 5 229 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Ardennes er eit departementet nordaust i Frankrike i regionen Champagne-Ardenne. Préfecture eller administrasjonsstad er Charleville-Mézières. Departementet har 290 130 innbyggjarar (1999), og har sitt namn frÃ¥ fjellomrÃ¥det Ardennane, som heiter Ardennes pÃ¥ fransk.

Historie

Departementet er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det er kalla opp etter landskapet Ardennane som ligg nordaust i Frankrike, sør i Belgia og i Luxembourg. Det består av delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne og Argonne (keltisk: «Ar Gonn», som tyder «djup skog») og av fyrstedømet Sedan.

Namnet Ardennnane vart først nemnd av Julius Cæsar, som i «Krigen om Gallia» tala om ei keltisk gudinne kalla Arduinna, ei krigsgudinne som vanlegvis vart vist ridande på eit villsvin.

Området har vore utsett for mange kamphandlingar, både i den første og den andre verdskrigen, slik som Slaget ved Ardennane og Ardennaroffensiven.

Geografi

Departementet er omringa av dei franske departementa Meuse, Marne og Aisne, og grensar til Belgia i nord.

Ardennes ligg i Ardennane og har store område med tett skog. Den største elva i området er Meuse

Demografi

Folketalet i Ardennes har minka sidan 1982 pÃ¥ grunn av flytting frÃ¥ distrikta til byane. Med om lag 290 000 innbyggjarar er departementet eit av dei minst folkesette i Frankrike.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ardennes