Departementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Somme, Oise og Eure, i tillegg til Den engelske kanalen i nord og vest. Den viktigaste elva er Seinen, som munnar ut i Den engelske kanalen ved Le Havre.
Departementet inneheld kalkplatået i Pays de Caux og klippene ved kysten. Det finst to typar landskap her. Det tørre kalkplatået er hovudsakleg flatt og vert nytta til jordbruk. I tillegg er det forholdsvis djupe dalar gravne ut på platået. Dette er ofte noko overraskande for vitjande i området, sidan dei stort sett ikkje er synlege frå dei fleste områda av platået.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Seinomarins / Seinomarines.
Kultur
Handlinga i romanen La Place av Annie Ernaux finn stort sett stad i Seine-Maritime og skildrar hendingar og endringar som finn stad her på 1900-talet.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Seine-Maritime