Rouen er den historiske hovudstaden i Normandie nordvest i Frankrike ved elva Seinen. I dag er byen hovudstad i regionenNormandie og préfecture (administrasjonsstad) i departementetSeine-Maritime. I mellomalderen var Rouen ein av dei største og rikaste byane i Europa. Han var ein av hovudstadane i dei anglonormanniske dynastia, som styrte både England, store delar av det som i dag er Frankrike frå 1000-talet til 1400-talet. Det var i Rouen at engelskmennene brende Jeanne d'Arc i 1431. Folk frå Rouen vert kalla Rouennais.
Rouen har eit folketal på 111 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 2011 hadde 650 000.
På 1100-talet hadde byen ein yeshiva. På denne tida budde det 6 000 jødar i byen, om lag 20 % av busetnaden, i tillegg til mange jødar spreidd rundt i busetnadane i Normandie. Dei godt bevarte restane av yeshivaen vart oppdaga i 1970-åra.
Byen vart kraftig øydelagd på D-dagen under den andre verdskrigen, og den vidkjende domkyrkja vart nesten heilt øydelagd av dei allierte bombene. Under nazi-okkupasjonen hadde den tyske marinen hovudkvarteret sitt i eit slott i Rouen.
Utdanning
Ein av dei vidaregåande skulane i byen, Lycée Pierre Corneille, har sidan 1918 tatt imot norske elevar for treårig utdanning som endar med fransk baccalaureat. Det vert for tida tatt opp åtte elevar kvart år, gjennom fylkesmannen i Vest-Agder. Den tradisjonsrike skulen, som vart grunnlagd av jesuittane for over 500 år siden, har òg utdanna kjende franske forfattarar som Gustave Flaubert, Guy de Maupassant og tragedielegenda som har gjeve skulen sitt noverande namn, Pierre Corneille.