Caen er kjend for sine historiske bygningar som vart bygd då Vilhelm I av England regjerte her. Han vart òg gravlagd her. Byen er òg kjend for Slaget ved Caen, kraftige kampar som fann stad i og rundt Caen under Operasjon Overlord i 1944 og som øydela store delar av byen.
Historie
Nesten nøyaktig 600 år før byen vart lagd i ruinar i 1944, vart han på liknande måte øydelagd av krig, då den engelske kongen Edvard III av England i 1346 førte sin hær mot byen i håp om å plyndre han. På denne tida var Caen den rikaste byen i Normandie. 26. juli storma troppane hans byen og plyndra han, noko som kosta 3 000 innbyggjarar livet og medførte at store delar av handelskvarteret i byen brann ned. Berre borga stod att då engelskmenna få dagar seinare marsjerte mot aust og sigra i slaget ved Crecy.
Under slaget om Normandie i den andre verdskrigen var det intense og bitre kampar i og omkring Caen mellom allierte styrkar og nazistane. Etter landsetjinga av det britiske 1. korps på Sword Beach den 6. juni1944, gjekk framdrifta deira i stå utanfor Caen. Britiske og kanadiske troppar braut til slutt gjennom den 9. juli etter å ha kasta tusenvis av bomber under Operasjon Charnwood. Bombekastarane øydela store delar av byen, men gjorde sitt til at dei allierte kunne innta den vestlege delen av byen, ein månad etter planen som var utarbeida av Montgomery. Under slaget søkte mange av innbyggjarane i byen tilflukt i Abbaye aux Hommes, som var bygd av Vilhelm Erobraren 800 år tidlegare.
Gjennoppbygginga etter krigen tok 14 år (1948-1962) og førte til bygningane og byplanen som i dag finst i Caen.