Deauville er ein badeby i Frankrike, som ligg i departementet Calvados i regionen Normandie. Med veddeløpsbane, hamn, lystbåthamn, konferansesenter, villaer, kasino og lukseriøse hotell, vert Deauville rekna som juvelen av feriebyane i Normandie. Byen ligg i nærleiken av der elva Touques munnar ut i Den engelske kanalen.
Kysten ved Deauville og Cabourg har fått namnet Côte Fleurie (Blomekysten). Byen utvikla seg til ein badeby i 1860-åra då Napoleon III ofte vitja han.
Bakgrunnsstoff