Vår Frelsers gravlund
Frå den sørlege seksjonen av gravlunden. Foto: Chris Nyborg
Vår Frelsers gravlund er ein gravlund i bydel St. Hanshaugen i Oslo sentrum, mellom gatene Ullevålsveien , Akersbakken og Akersveien . Mange kjende nordmenn er gravlagde på denne gravlunden, dels i ein særskild æreslund, dels i andre seksjonar.
Historie
Det gamle gravkapellet på gravlunden er no Vår Frelsers ortodokse kirke, kyrkjelydkyrkja for Hellige Olga menighet, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996. Kyrkja har tilkomst frå Akersveien. Foto: Chris Nyborg
Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius , ei enke etter ein prest i Den norske kyrkja . I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga , som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke .
I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude . Nokre få år etter, i 1911, var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det mogleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.
Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinrammer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.
Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedømme sine kontor, bustader og domkyrkje . Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene . Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.
På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.
Personar som kviler på Vår Frelsers gravlund
Grava til Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline.Foto: Domenico Erdmann / Riksarkivaren
Familiegrava til Henrik Ibsen .Foto: Hedning
Rikard Nordraak (1842–1866) si grav. Nordraak døydde i Berlin og leivningane vart overført til Vår Frelsers gravlund i 1925.[ 1] Foto: Dagny
Johan Sverdrup sitt gravminne med byste av Gustav Lærum .[ 2] Foto: A-S. Ofrim
Skodespelarane Laura og Sigvard Gundersen .Foto: GAD
Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.
I æreslunden
Bjørnstjerne Bjørnson , diktar
Karoline Johanne Elisabeth Bjørnson
Bjørn Bjørnson , skodespelar og teatersjef
Olaf Bull , diktar
Niels Christian Ditleff , diplomat
Johanne Dybwad , skodespelar
Klaus Egge , komponist
Thomas Fearnley , målar
Hans Fredrik Gude , målar
Johan Halvorsen , komponist
Carl Joachim Hambro d.e. , politikar
Borghild Hammerich , nødhjelpar
Viggo Hansteen , høgsterettsadvokat, avretta i 1941
Kirsten Hansteen , politikar
Axel Heiberg , forretningsmann
Sigurd Hoel , forfattar
Iver Paul Fredrik Holter , komponist og dirigent
Henrik Ibsen , forfattar
Suzannah Ibsen
Sigurd Ibsen , politikar
Bergliot Ibsen , songar
Tancred Ibsen , filmregissør
Lillebil Ibsen , skodespelar
Ludvig Irgens-Jensen , komponist
Christian Krohg , målar og forfattar
Oda Krohg , målar
Thorvald Lammers , komponist, songar og dirigent
Jørgen Gunnarsson Løvland , politikar
Edvard Munch , målar
Rikard Nordraak , komponist
Kaja Andrea Karoline Eide Norena , operasongar
Alf Prøysen , diktar
Johan Svendsen , komponist
Johan Sverdrup , politikar
Marcus Thrane
Martin Tranmæl , fagforeiningsmann
Erik Werenskiold , kunstnar
Rolf Wickstrøm , sveisar, avretta i 1941
Gisken Wildenvey , forfattar
Herman Wildenvey , diktar
Arnulf Øverland , forfattar
Den vestre delen
Ole Jacob Broch , politikar og vitskapsmann
Waldemar Christopher Brøgger , geolog
Carl Christian Henrik Bernhard Dunker , advokat
Olaf Wilhelm Erichsen , journalist og kriminalforfattar
Wilhelm Christian Keilhau Fabritius , boktrykkar
Henrik Groth , forleggar
Laura Sofie Coucheron Gundersen , skodespelar
Conrad Christian Parnemann Langaard , fabrikkeigar
Sophus Lie , matematikar
Thorvald Meyer , forretningsmann
Agnes Mowinckel , skodespelar
Peter Møller , apotekar
Axel Otto Normann , teatersjef
Carl Abraham Pihl , jernbanedirektør
Ellef Ringnes , bryggerieigar
Johannes Vilhelm Christian Steen , politikar
Jan Peder Syse , politikar
Andreas Tofte , forretningsmann og ordførar
Oscar Fredrik Torp , politikar
Jacob Ulrich Holfeldt Tostrup , hoffjuveler
Johan Sebastian Welhaven , diktar
Den sørlege delen
Gina Krog si grav. Foto: Chris Nyborg
Ivar Aasen si grav. Foto: Chris Nyborg
Christian Birch-Reichenwald , politikar
Henrik Anker Bjerregaard , høgsterettsdommar og forfattar
Elias Blix , salmediktar
Ragnvald Blix , karikaturteiknar
Matthias Numsen Blytt , botanikar
Jens Bratlie , offiser og politikar
Christopher Bruun , prest
Johan Collett , politikar
Johan Gottfried Conradi , komponist og dirigent
Christian Adolph Diriks , sorenskrivar
Fritz Heinrich Frølich , forretingsmann
Christian Heinrich Grosch , arkitekt
Aasta Hansteen , forfattar og kvinnesakskvinne
Hans Abel Hielm , redaktør
Jonas Anton Hielm , politikar
Marius Hægstad , språkprofessor
Gisle Johnson , teolog
Rudolf Keyser , historikar
Halfdan Kjerulf , komponist
Gina Krog , redaktør og kvinnesakskvinne
Christian Krohg , politikar
Per Lasson Krohg , målar
Mads Ellef Langaard , bryggerieigar
Frederik Motzfeldt , høgesterettsdommar
Peter Motzfeldt , offiser
Andreas Munch , forfattar og professor
Hartvig Nissen , skulestyrar
Christopher Frimann Omsen , høgsterettsdommar
Jens Rathke , zoolog
Marcus Gjøe Rosenkrantz , politikar
Ernst Sars , historikar
Georg Ossian Sars , zoolog
Michael Sars , zoolog
Amandus Schibsted , avisredaktør
Christian Schibsted , forleggar
Georg Sverdrup , språkprofessor
Mogens Thorsen og hustru Bertha, legatstiftarar
Ivar Andreas Aasen , språkforskar
Den austre delen
Familiegrava til Camilla Collett og Peter Jonas Collett .Foto: Chris Nyborg
Henrik Wergeland si grav. Gravminnet er ei gåve frå europeiske jødar og vart avduka 17. juni 1849.Foto: Chris Nyborg
Theodor Frederik Scheel Abildgaard , politikar
Peter Christen Asbjørnsen , eventyrsamlar og forfattar
Thomas Ball Barratt , predikant
Thomas Bennett , forretningsmann
Harald Berg , verkseigar
Vilhelm Bjerknes , meteorolog
Otto Albert Blehr , politikar
Randi Marie Blehr , kvinnesakskvinne
Oskar Braaten , forfattar
Georg Andreas Bull , arkitekt
Henrik Bull , arkitekt
Camilla Collett , forfattar
Jonas Collett , politikar
Birger Eriksen , offiser
Carl Gustav Fleischer , offiser
Christian Friele , redaktør og politikar
Knud Graah , fabrikkeigar
Agathe Backer Grøndahl , komponist
Thomas Johannessen Heftye , forretningsmann
Ludvig Karsten , målar
Ludvig Mathias Lindeman , organist og komponist
Ole Olsen , komponist
Gunerius Pettersen , grosserar
Hjalmar Riiser-Larsen , flygar
Anton Martin Schweigaard , politikar
Christian Homann Schweigaard , politikar
Christian August Selmer , politikar
Johan Peter Selmer , komponist
Mathias Skeibrok , bilethoggar
Adolf Bredo Stabell , banksjef, redaktør og politikar
Georg Stang , offiser
Peter Severin Steenstrup , fabrikkeigar
Rasmus Olai Steinsvik , redaktør
Ole Vig , folkeopplysingsmann
Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno , arkitekt
Henrik Wergeland , forfattar
Hans Jacob Aall , museumsdirektør
Den nordre delen
Harriet Backer , målar
Eivind Berggrav , biskop og forfattar
Brynjulf Bergslien , bilethoggar
Knud Bergslien , målar
Michael Birkeland , riksarkivar og politikar
Alf Bjercke , fabrikkeigar
Peder Bjørnson , prest
Kristine Elisabeth Heuch Bonnevie , zoolog
Sophus Bugge , filolog
Francis Bull , litteraturhistorikar
Lorentz Dietrichson , kunsthistorikar og forfattar
Frederik Due , embetsmann
Henrik Adam Due , fiolinist
Mary Barratt Due , pianist
Olaus Fjørtoft , redaktør
Georg Ludvig Andreas Frølich , forretningsmann og oppfinnar
Francis Hagerup , politikar
Karl Marius Anton Johan Hals , pianofabrikant
Henrik Anton Schjøtt Heltberg , skulestyrar
Kitty Kielland , målar
Betzy Kjelsberg , fabrikkinspektør
Thomas Konow , offiser
Hans Hagerup Krag , vegdirektør
Magnus Brostrup Landstad , salmediktar og prest
Borghild Bryhn Brunelli Langaard , operasongar
Nicolay Nicolaysen , arkeolog
Ragna Nielsen , pedagog og kvinnesakskvinne
Erika Røring Møinichen Nissen , pianist
Hans Arnt Hartvig Paulsen («Køla-Pålsen»), grosserar og byoriginal
Hieronymus Arnoldus Reimers , skodespelar
Johanne Regine Reimers , skodespelar
Petra Sophie Alette Christine Reimers , skodespelar
Amund Ringnes , bryggerieigar
Anna Georgine Rogstad , pedagog og politikar
Evald Rygh , forretningsmann og politikar
Christian Julius Schou , grosserar
Halvor Arntzen Schou , fabrikkeigar
Olaf Fredrik Schou , kunstnarmesen
Anna Cathrine Sethne , pedagog
Harald Sohlberg , målar
Eyolf Soot , målar
Emil Stang , politikar
Frederik Stang , politikar
Johan Cordt Harmens Storjohann , prest
Carl Struve , skodespelar
Johan Grundt Tanum , bokhandlar og forleggar
Sverre Udnæs , regissør
Ingvald Undset , arkeolog
Elisabeth Welhaven , forfattar
Wilhelm Andreas Wexels , teolog
Kjelder
Referansar
Bakgrunnsstoff