Hans Gude var noko av eit vedunderbarn og fekk undervisning av Johannes Flintoe allereie som tolvåring, deretter gjekk han på Tegneskulen. 16 år gammal kom han til Düsseldorf i 1841. Her fekk han privatundervisning i eitt år før han fekk plass ved kunstakademiet i byen.
Gude arbeidde det meste av si yrkestid i Tyskland, der han som lærar først var knytt til Düsseldorf, deretter Karlsruhe og i dei siste tjue åra Berlin.
Gude mottok ei rekkje norske og utanlandske ordenar og æresutnemningar. I 1893 vart han tildelt Storkorset av St. Olavs Orden. Hans Gude var den første som vart gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers gravlund i Kristiania, da denne vart innvigd i 1903.
Verk
Landskapsmåleria formidlar det storfelte i det norske landskapet, i mange tilfelle knytt til høgfjellet. Seinare vart motivkrinsen meir knytt til kysten. Bruken av lys og skugge, skyer og solgjennombrot er typisk i mange av Gudes måleri. Gude hadde stor innverknad som lærar og inspirator for ein generasjon norske kunstmålarar. Hans økonomiske støtte til mange yngre kunstnarar var med å legge grunnen for ein gullalder i norsk målarkunst.
Hans mest kjende måleri er Brudeferd i Hardanger, som han måla saman med Adolph Tidemand. Gude måla landskapet og Tidemand personane. Måleriet vart til på bestilling til det store tablået i 1849 på Christiania Theater, der eit stort mannskor urframførte ein song av Halfdan Kjerulf (melodi) og Andreas Munch (tekst) over same tema. Både Tidemand og Gude var heime i Noreg dette året grunna dei revolusjonære hendingane i Sentral-Europa.