Ole Vig (6. februar1824–19. desember1857), fødd i Vikmarka i Stjørdal, var ein norsk skule- og folkeopplysingsmann som arbeidde for utdanning for alle. I Rune Slagstad si bok De nasjonale strateger vert han skildra som «En folkeopplysningsmann og nasjonsbygger som har hatt stor betydning for utviklingen av vårt demokrati».
Liv
Vig voks opp i ein fattig småbrukarheim med haugiansk preg. Han lærte tidleg å lese og kom med presten F.A. Widerøe si hjelp til seminaret i Klæbu i 1841. Sidan hadde han lærarstillingar i Åfjord og Kristiansund. Gjennom presten Frederik Wexelsen kom han i kontakt med Grundtvig-rørsla i Trøndelag. Sommaren 1851 fekk han moglegheit til å kome til Sorø akademi i Danmark, der han òg møtte denne danske presten og skulemannen.
Ole Vig døydde av tuberkulose julekvelden 1857 i Henrik Wergeland sin bustad Hjerterum, berre 33 år gamal. Mange av visjonane hans vart realisert etter døden hans. Då den fyrste folkehøgskulen i Noreg, Sagatun Folkehøyskole på Hamar vart innvia i 1864, minna grunnleggarane Olaus Arvesen og Herman Anker om innsatsen og inspirasjonen hans.
Dikting
Etter Ole Vig lever diktet «Blant alle lande», som han skreiv som ein fedrelandssong. Men han gav òg ut fleire bøker og skreiv ei rekkje dikt.