Folkehøgskule er ein eksamensfri, allmenndannandeskule for vaksen ungdom. Føremålet med skulane er å oppmode til å utvikle kunnskap, dugleik og menneskelege kvalitetar. Ein siktar mot å utvikle heile mennesket, med forstand, kjensler og vilje. I pedagogisk samanheng omfattar allmenndanningsomgrepet både teoretiske og praktiske fag og oppgåver.
Ideen om folkehøgskulane kom frå den danske pedagogen og teologen N.F.S. Grundtvig, og den første folkehøgskulen vart etablert i Danmark i 1844. I Noerg vart Sagatun Folkehøyskole på Hamar oppretta som den første folkehøgskulen i 1864.
I Noreg er det om lag 80 folkehøgskular i drift. Dei fleste er eigd av diverse sjølvstendige organisasjonar. Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla seg i to hovudretningar, den eine er ein skule basert på eit kristentlivssyn, mens den andre er ein frilyndt skule som ikkje legg inn kristendom som basis for undervisninga.
Folkehøgskulane er i hovudsak knytte til internat, der ein bur i miljøet i heile utdanningsperioden. Mesteparten av elevane som går på folkehøgskule i Noreg tar heilårskurs på ni månader, men nokre av folkehøgskulane tilbyr òg lengre eller kortare kurs. Folkehøgskulane er for mange ungdommar fyrste gong dei flyttar heimanfrå.